Fordi det var så kjekt å jobbe med verdensrommet i fjor vart det bestemt at vi skulle fortsette med det i år også. I to veker har vi no fordjupa oss i sola og månen, og korleis dei påverka livet på jorda. I dag gjorde vi eit eksperiment der vi brukte ei bøtte med kaldt vatn, ei sleiv, ei sikt og kveitemjøl. Vi rørte fort rundt i bøtta for å lage ein virvel, før vi sikta mjøl oppi. Det danna seg då ein stor klump i midten og mange små planta som virvlar rundt sola. Nett som i solsystemet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar