SIDER

13.10.2016

Ut på tur i den fine haustsola☀️

I dag stor det "tur til Honningtreet" på månadsplanen vår. Honningtreet er ei bjørk som vi har festa ei raud sløyfe på. Og sidan vi har eit overordna tema om "Ole Brumm og vennane hans", så passa det perfekt med det navnet. 
Kvar veke så går vi dit for å sjå på om det har forandra seg sidan sist. 
-Er det mindre blad på treet?
-Har blada endra farge?

Det er ikkje så langt å gå frå barnehagen, akkurat passe for små føtter👣 
Og vi kosar oss virkelig når vi går. Vi har nemlig laga ein egen tursang! Den er sånn som dette:

Vi skal honningtreet sjå,
derfor går vi tur her nå!

Vi må gå på rekke og rad,
hold i tauet så går det bra!

Vi kan gå i all slags vær, 
berre vi har gode klær!

Vi når målet vi er flink, 
vi kommer fram vi treffer blink!

Då vi kom fram og hadde studert treet ferdig, kom det forslag at vi kunne gå til Indianerskogen. Det er berre 7-8 min ekstra å gå dit. 
Vi var spente på kor det såg ut der. Ny gapahuk er under bygging! Så vi leika oss der en liten time før frukt og soving🍎🍌🍇💤
Dei som ikkje sov, leika vidare ute i den fine haustsola☀️





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar