SIDER

14.10.2016

Hiv o hoi! Snart er skatten vår!

Eg hadde ei kjempefin leikestund ilag med 4 jenter på løvetanna. Det heile starta med at "Turid" på 3 år hadde teikna eit skattekart. Vi gjekk til sjørøverskuta vår. Der måtte vi passe på så vi ikkje datt ned til haiane som venta i det store havet. Vi sang Kaptein Sabeltann-songar og "Berit" på 3 1/2 år kjørte skuta heim til alle sine hus så vi fekk besøke alle. 
Så var det tid for å gå på skattejakt i den store jungelen. Vi måtte leite lenge over heile jungelen! Men vi fann den ikkje nokon plass.. Så nærma vi oss sandstranda. Vi måtte grave og grave, og til slutt fann vi den i sanden. Den innbilte skattekista inneholdt tegnesaker, sjokolade og eit hjerte. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar