SIDER

08.09.2016

Korleis skal vi klare å knuse nøtta?

 

"Sjå kva eg fann!" Ropte gutt 2 år ivrig. Han hadde vore i skogen og funne ei nøtt. Fleire barn straumde til for å sjå. Vi fekk ein fin samtale om nøtter. Ekorn liker nøtter, men dei et bere nøtta som er inni nøtteskallet.



Korleis skal vi klare å knuse skallet så vi får sjå nøtta inni da? 
Dette måtte vi forske på. 



Klarer vi å knuse nøtta med ei liten stein?

Klarer vi å knuse nøtta med en pinne?
 


Kanskje vi kan prøve med ein større stein?

 

Ut i frå denne leiken fekk barna i dag mange ulike erfaring med:
Kva redskap vi kan bruke?
Kor stor kraft treng vi?
Kva teknikk fungerer best?
Kva type underlag bør vi ha?

Dagens barnehagenøtt 😃👍

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar