SIDER

15.08.2016

DET VEKS !!!!!!

Så utruleg kjekt å komme tilbake etter ferien å sjå at det spirer og gror i "hagen" vår. Ser ut som vi får både poteter og gulrot å hauste inn. Salaten er klar og vi har fått STORE squash. Dette skal vi bruke seinare i veka når vi skal lage moussaka. Det blir så spanande å smake på våre egne grønnsaker. Dette er heilt i tråd med satsingsområdet vårt "Realfag i barnehagen". Det er lærerikt, meiningsfullt og spennande å få vere med på heile prosessen frå å så frø om våren, følge med på og stelle grønsakene gjennom sommaren og hauste eigne deilige råvarer på hausten. Mange av barna har lurt seg til å "smake på" under vegs.. Og kan stolte fortelje at det er kjempegodt! Vi gleder oss spesielt til å tilberede dei kjempestore squashane våre i moussaka.. Nam, nam... 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar