SIDER

08.07.2016

Skattejakt

 
I utetida før lunsj var det nokre barn som såg røverspor i sanden. Dette var mystisk syns dei. Og då vi åt lunsj vart det skikkelig spennende då telefon til Linda ringte og det var en røver!! Han fortalte at han hadde stjelt skattekarta som Linda hadde lagd på formiddagen...
Det vart mykje spenning og mange forslag på korleis røveren hadde klart det uten at nåkken hadde sett han. Men heldigvis hadde han hadde lagt att ett kart, slik at vi kunne sjå om vi fann ein skatt.
Ivrige barn sprang ut i garderoba for å ta på sko og starte jakta.
"Vi fant ett til!! Og en lapp!"
Ingen problem med å klare neste oppgåve heller!
Røveren fann jammen på mykje rart. Men ingen problem for flinke solsikkebarn! 
Til slutt fann vi ut kor skatten var. Dei grov ivrig heilt til det dukka opp ei eske med is. "Jippiiiiiii" jubla dei. Men eska var TOM!! Berre ein lapp hadde røveren lagt att... "Å nei!!" Skuffelsen vart stor...
Men då Linda leste lappen høgt, jubla dei igjen. For der sto det nemlig: SJÅ I FRYSEREN.
Dei sprang inn, og jammen hadde den lure røveren lagt isen i fryseren! Og det var akkurat ein til kvar😉😉

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar