SIDER

16.06.2016

Ut på tur!

No har vi gått i mange dagar å gleda oss til å gå på tur! Målet var Fløten park i sentrum av Stranda. Det er ganske langt å gå for små føtter, men barna har vorte veldig flinke å gå på tur så vi såg ingen problem med det. 
Vi pakka brød, pålegg, drikke, bleier, fotballer, frisbeer og erteposer i sekken vår. 
På veg til Fløten er det mykje trafikk med store bilar, så vi snakka i morgonsamlinga og i garderoba om kor viktig det er å gå fint og holde i tauet heile tida. 



Det tok 45 minutt å gå til Fløten. På veg ned såg vi både motorsykler, betongbil, lastebiler, trailer og traktor.
Vi gjekk forbi husa til fleire av barna på gruppa vår, det synes dei var stor stas. 

Då vi kom ned satte vi oss på plenen for å ete maten vår. Alle hadde god matlyst etter den lange turen.




Etter maten var det leik og moro før ungane vart henta der på slutten av dagen. 


Ein kjekk og vellykka tur!  



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar