SIDER

02.06.2016

Kjekke elevar i arbeidsveke og praksis i Tusenfryd barnehage.

                         
For eit par veker sidan var vi så heldige å få ha 9.klassingar her i arbeidsveke. I tillegg har vi gjennom barnehageåret hatt elev frå vidaregåande, ein dag i veka. Det er alltid kjekt å ta i mot ungdom. Ekstra stas er det når nokre av desse har gått i barnehagen her når dei var små. Og ikkje minst er det stor stas for barna. 

Gjennom veka fekk dei mange nye inntrykk, og mange nye oppgåver gjennom dagane. Ein litt annaleis kvardag enn kva dei er vande med frå skulen. 
Det å få innblikk i arbeidkvardagen kan vere ei nyttig erfaring når dei seinare i livet skal velge vegen dei skal gå. Kanskje ser vi nokre framtidige barnehagelærarar/fagarbeidarar her??
Kjekt å få bidra med å gi dei litt kunnskap om, og innblikk i vårt arbeid og vår kvardag her i barnehagen. 

                        
Når ein går på helse- og oppvekstfag, kan ein velge å ha noko av praksisen sin i barnehage. Vi ser det som viktig for rekrutteringa, å ta i mot elevar som vel eit slikt utdanningprogram. Ein dag i veka gjennom skuleåret er eleven hos oss. I dette skuleåret/barnehageåret har det vore Blåklokka som har hatt elev frå Stranda vidaregåande. Gjennom ein slik praksis har eleven fått hausta erfaringar og kunnskap om kva det å jobbe i barnehage dreier seg om. 

                        




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar