I dag fann vi ut at vi skulle finne oss ein akebakke utanfor barnehagen, sidan akeføret i dag var veldig bra. Vi trengde ikkje gå så langt før vi fann den rette, berre litt bort i gata. Akeføret var særdeles bra. Både store og små fekk stor fart på rumpeakebretta.
Nokre drista seg til å prøve kjelken også. Men med så god glid, var det best å starte litt lenger ned i bakken. Moro var det!
Lene fann ut at ho skulle hente sparken sin. Det er ikkje kvar dag det er sparkeføre på desse kantar. For mange var dette eit nytt og spennande framkomstmiddel. I tur og orden fekk dei sitte på kvar sin runde. Det var også kjekt å prøve sjølv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar