SIDER

19.02.2016

Førskulebarna prøver seg som filmskaparar



Alf Prøysen si bok "Skinnvotten", er ein gjengangar rundt om i norske barnehagar. Kvar vinter vert dette ukrainske folkeeventyret formidla og arbeida med på ulike måter.
Ein gammal mann mister votten sin i skogen. Ei lita mus får auge på den, og bestemmer seg for å tilbringe natta i votten...  
Vi vil at barna skal bli kjent med ulike folkeeventyr, formidla på ulike måter. Vi bruker bøker, flanellograf, lydbøker og konkretar. Barna får øve på å lytte til høgtlesing og forteljing og skape eigne bilete i fantasien. Desse inntrykka ønsker vi skal stimulere ønske om å uttrykke seg gjennom eigne forteljingar, kunst og drama. Vi øver på ulike uttrykksformer som drama, teikning, maling og musikk. 

Dei eldste barna bruker denne veka filmskaping som uttrykksform når dei skal gjenfortelje eventyret. 
Vi har starta på arbeidet med å lage animasjonsfilm..
Vi brukar programvara "Klikk" som læringsverktøy. "Klikk" er enkel i bruk slik at barna sjølv kan lage animasjonsfilm. 
På denne måten vert leik og læring kombinert på ein god måte. Å legge til rette for aktive og kreative barn, som kan skape digitale uttrykk, meiner vi er å tenke heilheitleg om den digitale danninga deira. Det å skape sin eigen film er ein meiningsskapande læreprosess der det er viktig at dei får rettleiing knytt til form, innhald, teknologi og handverk. Slik legg vi til rette for digital danning i barnehagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar