SIDER

26.02.2016

BRAVO på Blåklokka

I februar starta vi på att med BRAVO-leiken på Blåklokka. Vi leikar BRAVO kvar dag og helst skal vi gjere det to gongar om dagen.

 
Den eine runden tek vi ved matbordet, då er alle samla og vi får ei kjekk stund før vi syng og startar måltidet.

BRAVO-leiken er ein leik med fokus på tidleg start og ein heilheitleg tilnærming til bornas læring.
Vi trur at systematisk og tidleg innsats fremmar varig utvikling, gjer læring lettare seinare i livet og kan forebygge eventuelle vanskar knytt til læring. 


Gjennom BRAVO-leiken får borna sanseopplevingar knytt til begrepslæring og motoriske utfordringar. 
Når vi leikar BRAVO utanom måltida brukar vi kort med ordbilder på i hurtig tempo, og i mellom kvar stasjon bruker vi terningen for fysisk aktivitet.


BRAVO går ut på intensiv begrepslæring og borna kan få opptil 25 nye ord i veka og inntil 100 ord i månaden. Ein del av opplegget er å bruke alle sansane for å bli kjend med begrepa. 
Her har vi hatt kategorien grønsaker og borna fekk sjå, lukte, føle og smake på cherrytomat. Denne måten å lære på gir borna brei erfaring med dei nye begrepa og ved å bruke fleire sansar og repeteringar styrkar vi begrepsforståinga rundt orda. 

Borna synes det er kjempe spennande og kvar gong vi ringer med bjella for å signalisere at det er tid for BRAVO er det stor entusiasme! 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar