SIDER

15.01.2016

Vi har laga snø!



Ettersom snøven har latt vente på seg og vi på Blåklokka har snø, vatn og is som tema denne perioden, måtte vi vere kreative, sjølv om snøven faktisk kom i natt. Vi laga difor snø med potetmjøl, balsam og glitter. Dette vart ei silkemjuk deig som vi kunne forme til akkurat det vi ville. 
Borna var sjølvsagt med på heile prosessen, og var veldig nysgjerrige på kva dette skulle bli. Dei undra seg mest på om det var kake vi skulle lage, og nokre måtte også smake litt undervegs. 

Vi laga snømannar, snøballar og dyra våre fekk også prøve seg litt i den deilige snøven. Eit kjekt prosjekt som var med på å skape fine leikesituasjonar ein fredagsformiddag. 

Oppskrift:
1del balsam
2delar potetmjøl
Glitter








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar