SIDER

03.12.2015

Førjulstid på Blåklokka


Desember har komt, og vi er godt i gang med juleforberedingane på Blåklokka. Avdelinga er pynta med nissar, julestjerne og lys i alle fasongar, vi høyrer julemusikk dagen lang og vi har allereie baka både julemenn og peparkaker. Vi har til og med fått eit glimt av Tusenfryd-Nissen!


Det er mykje forventingar kring jula, og vi i barnehagen har den beste anledning til å skape gode minner ilag med dei små. 
Sjølv om borna på Blåklokka er små viser dei stor glede når vi vaksne startar opp med aktivitetar, då er det om og gjere og vere fyrste mann til bordet i ein kvar situasjon. Spesielt ivrige var dei når det har vore baking og pynting av peparkaker på planen. For det er sjølvsagt lov med ein liten smakebit, både av non stop og deig. :)

Jula handlar om meir enn kaker og gåver, så vi les og fortel både om julebodskapen og les andre juleforteljingar. Når vi ser i bøker åpner det opp for gode samtalar, og vi kan både fantaserer og undre oss ilag. 

Juletida er for oss ei tid der vi skal kose oss og ha kjekke stunder ilag, og vi har mykje kjekt å sjå fram imot dei neste vekene i barnehagen, med juleverkstad, luciafrukost og nissefest. Vi gler oss! :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar