SIDER

12.11.2015

Den store duplodagen

I dag var det nokon av barna som hadde lyst til å ta fram duplo togbane og butikkduploen. Etterkvart som togbana var bygd og butikken var oppe og gjekk, vart det behov for både politi og eit brannvesen. Snart hadde heile avdelinga endra seg til eit lite velfungerande samfunn. 
Vi har fått øvd oss på samarbeid og problemløysing. Vi leika samme leiken i fleire timer..og vi hadde mange kjekke opplevelser av turtaking, forhandling og venner som hjelper kvarandre. Etter kvart vart vi ganske slitne av all samhandlinga... Så då var det heilt på sin plass og veldig deilig med eit avbrekk, med bursdagsfeiring av ein fornøgd 5 åring. 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar