SIDER

04.09.2015

Piggsvinjakt!! - ei lita praksisforteljing

Maria stÃ¥r ved komfyren pÃ¥ kjøkkenet. Ho putter ulike ingredienser ned i ei stor kasserolle med deilig, duftande viltgryte. Tett inntil Maria stÃ¥r "Mats" pÃ¥ 4 Ã¥r, som har bidratt med kutting av grønsaker til gryta. 

".. Løk, gulrot, sopp," seier dei.

I det dei legg soppen nedi, fortel Maria at ein kan finne sopp i skogen. Og så snakkar dei om soppar, gode mat-soppar og om giftige soppar som ikkje kan etast. Og slik held dei på..


Når dei tilset reinsdyrskav i gryta, seier Maria: "Vi skulle no eigentleg hatt litt hjortekjøtt, men denne gongen vart det reisdyrkjøtt i staden for. Men kanskje vi kan få tak i hjortekjøtt av nokon som går på jakt..." Dei snakkar litt om hjort og hjortejakt....

Maria spør:"Kjenner du nokon som går på jakt?"
Mats: "ja..."
Maria: "Kven då?" .
Mats: "Pappa`n min...han går på jakt..."
Maria: "Ååå.. Kva jaktar pappa`n din pÃ¥ ,dÃ¥?"
Mats: "Han går på piggsvinjakt, han...."









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar