SIDER

26.09.2015

Ein imponerande innsats...


På den siste laurdagen i september, i kald haustluft og med nysnø på fjelltoppane, troppa mange av foreldra i Tusenfryd opp for å vere med på tidenes innsats på dugnadsfronten.
Arbeidet starta i 10 tida, og det vart jobba utover heile dagen. Dugnadskomiteen hadde på førehand planlagt arbeidsoppgaver og korleis det heile skulle gjennomførast. Foreldre stilte med mykje utstyr og god arbeidsmoral. 
Imponerande mange arbeidsoppgaver vart utført denne haustdagen. Gammalt nettinggjerde vart fjerna og nytt satt opp, det vart fylt på med ny sand i sandbassenga, veggar vart måla, vindskeier skifta, tak på leikestativ fornya, gras og tre vart klipt. I tillegg vart det utført enda fleire oppgåver både inne og ute. 

Det at så mange foreldre møter og bidrar til at barnehagen får gode leike- og arbeidsforhold betyr mykje for både barn og vaksne. 
 Det å møte til fellesdugnad på denne måten er også ein kjekk og sosial begivenheit. I tilleg til at det forhåpentlig vis fører til eit eigarforhold til barnehagen, både for foreldra og barna, får ein også moglegheit til å verte betre kjent med barnehagen og dei andre foreldra.  

Midt på dag vart det arrangert felles matpause, der ein kunne kjøpe pølse med brød, kaffi og kake..
Tusen takk for all den gode innsatsen og alle arbeidsoppgåvene som har vorte utført i dag!!! Vi er mektig imponerte!! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar