SIDER

25.08.2015

Jobbskugging

Barnehagen skal vere ein del av samfunnet rundt oss, og vi prøver å gi barna kjennskap til bedrifter og arbeisplassar i nærmiljøet ved t.d. Å gå på bedriftsbesøk. Men det aller beste er når "desse" kjem til oss! 

Ein ettermiddag dukka det opp ein ung mann i barnehagen. Han hadde med seg  mykje spennande utstyr, og var klar til å starte på jobben med å rive det gamle taket over inngangen til Løvetanna.
Her skal det komme eit nytt overbygg som skal gå heile vegen mellom Løvetanna og Solsikka. Dette var veldig spennande å følge med på. Mange av barna satte seg på terrassegolvet og fulgte nøye med på heile prosessen. Det er nok ikkje kvar dag at "snekker Kristoffer" har så mange på "Jobbskugging". 

No gler vi oss til snekkarane kjem for å starte på det nye overbygget! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar