SIDER

15.06.2015

Hjelp, eg synker!!


Høglydte leikerop møter meg når eg går ut for å sjå på den nye, fine vannrenna vår. 

Dyktige foreldre har i løpet av helga fått på plass ei heilt ny vannrenne- laga på dugnad.


Det å introdusere eit nytt element i frileiken, åpner for ny aktivitet og nye samtalar mellom barna. Eg høyrer at dei ønsker å vise kvarandre kva dei oppdagar og utforskar.
Begrep som "flyte","synke", "over","under", "våt", "tørr","havari" og å "komme til unnsetning", får i denne leiken ein ny kontekst og ny meining, og barna kan sjå samanhengar og motsetningar i praksis.
 





Vi trur at det å introdusere ein slik vannleik kan føre til undring over naturfaglege og samfunsfaglege spørsmål. Dei vaksne kan bidra i samtalen og undre seg i lag med barna; "Kvar kjem vatnet frå", "Kven eig vatnet?", "Kva gjer at noko kan flyte oppå vatnet?", "Kva kan flyte og kva synker?"

Vannleiken er både morosam og lærerik!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar