SIDER

11.05.2015

På snegle-jakt

I dag hadde vi ei spennande utflukt til leikeplassen. 
Vi hadde med ei bøtte som vi skulle ha småkryp i. Og gjett om vi fann sneglar! 36 stykker! Både små, store, brune, gule, svarte, tynne og tjukke. Vi studerte kvar enkelt og diskuterte korleis dei såg ut. 
Etterpå gikk vi tilbake til barnehagen der vi la dei i ei gjennomsiktig plastkasse. Då kunne vi bedre studere korleis dei bevegde seg opp veggane, korleis dei åla  seg bortover pinnane og laga slim etter seg. 















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar