SIDER

17.12.2014

Førjulstid på blåklokka


På Blåklokka der dei minste i barnehagen går er målet å ha ei roleg og koselig førjulstid. Dei små skal få ta del i forberedelsene og få ei gryande forståing for dei norske juletradisjonane. Barnehagedagen skal vere prega av glede, humor og estetiske opplevingar. 
I førjulstida får dei lage enkle julegåver og julepynt, dei får prøve å bake, vi syng julesongar og vi deltek på luciafrukost og nissefest i lag med dei andre i barnehagen. Vi har også ein julekalender der dei får noko godt å putte i munnen som t.d. rosiner eller kjeks ( ein trekker men alle får). Den som har trekt får også ta med pepperkakehjertet, som han/ho har pynta, heim.

Baking og smaking - mykje nytt for dei små både når det gjeld smak, lukt og konsistens. Dei små tek i bruk alle sansane sine når dei prøver noko nytt, og for nokre kan det vere litt skummelt å ta på ei klissete deig. Det er difor viktig å la dei prøve seg fram i eige tempo. Andre hiv seg på og knar på deiga, putta litt i munnen for å smake, kasta litt på golvet, og dei viser tydeleg glede over å få prøve.


Nissefar er med. Han kan vere litt skummel, men han er også snill som kvar dag putta noko i kalenderen vår!
        
          Til bursdagsfeiring i desember vart det gode nissemuffins ;-)










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar