SIDER

11.11.2014

Organisert kaos..:-)



Frå roleg morgon til "organisert kaos"
Born og klede skal på plass, og lister skal skrivast..
Barnehagedagen er godt i gong. Den "rolege og stille" timen har på sin vanlege, kvardagslege måte gått over til "den organiserte-kaos-timen".

 I løpet av ein hektisk morgontime, kjem dei fleste borna og personalet inn gjennom dørene på Tusenfryd. Lydnivået og aktivitetsnivået stig i takt med at klokka går, og det nærmer seg samlingstund og mat....


 Eg reknar med at for dei som er innom barnehagen berre i gjennomsnitt kanskje 4 minutt  i løpet av denne morgontimen, må det arte seg som ganske kaotisk. Men heldigvis er det eit velfungerande system i midt i dette "kaoset".

Aktiviterar vert starta og rydda ...litt springing i gangen
 er fristande når dei vaksne er opptatt med andre ting...
Inne på småbarnsavdelinga vert vognene klargjort til dei første som skal ha "morgonblunden" sin
og dei større borna er klare for å gå til samling... 

Dette systemet er heilt avhengig av at vi til ei kvar tid er nok vaksne tilstades i barnehagen. Borna treng at der er kjende, trygge og forutsigbare vaksne som tek imot dei i garderoba om morgonen- og at det er dei same vaksne som er der for dei gjennom dagen. Vi skal "lose" dei trygt gjennom  denne tirsdags-barnehagedagen. Vi skal sjå dei og ta dei på alvor, og legge til rette for gode leike- og læringssituasjonar.
I samlinga vert planane for dagen satt i system, og historier vert fortalt...
 
Bord skal dekkast av  3 år gammal ansvarsfull og flink kjøkkenhjelp...så er
det klart for handvask..
Endeleg var frokosten klar...og snart kan dagen starte på rett :-)

Mykje har skjedd i løpet av ein liten  morgontime...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar