SIDER

07.08.2014

Nytt barnehageår...spenning og forventningar.

Det er alltid knytt litt spenning til, og det kjennest litt nytt det å begynne eit nytt barnehageår for både barna, foreldre og oss ansatte. Litt endringar er knytt til det å starte opp att etter ein sommarferie. 

Nye barn og foreldre kjem spente og forventningsfulle, og synst kanskje det er litt skummelt å skulle overlate barnet sitt til ukjente voksne. Da er det godt at ein kan bruke den tida ein treng for at barnet og foreldra skal bli trygge i den nye situasjonen. 

Andre skal bytte avdeling og bli kjent med "nye" barn og voksne. Nye vennskap og relasjonar skal etablerast. Gamle vennskap skal byggjast vidare på, og etter ein fantastisk sommar er gjensynsgleda stor. 

Nokon kjem så stolte og forventningsfulle og kan konstatere at no er det endelig deira tur å vere førskulebarn. Det er stor stas å endelig vere eldst i barnehagen. Og det er store forventningar til det dei skal vere med på det siste året i barnehagen. Tru om dei skal få gjer det samme som førskulebarna gjor forrige barnehageår....?? Det er nesten forventa....



 
Om eit nytt barnehageår er i startgropa, er ikkje det fritt for at feriemoduset heng litt i enda, og vi er litt trøtte. Men då er det godt å ha eit fang å kose på, og få litt ekstra tid å vokne på. 

Vi gler oss til fortsettelsen og håper på at barnehagåret 2014-2015 blir eit spesielt barnehageår!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar