SIDER

10.06.2014

Det nye sanserommet tek form...


For ei tid tilbake søkte Tusenfryd Barnehage om  midlar frå Sparebanken Møre for å lage eit sanserom på småbarnsavdelinga vår. Vi fekk 25000 kroner.  Hurra!! Dette har vi brukt til innkjøp av nokre av dei apparata som no er installert på sanserommet.
I løpet av pinsehelga har det vore arbeid for å få klart det nye sanserommet på Blåklokka.
Så i dag var det nokre spente små som fekk komme inn i det nye "universet", for første gong. Enda står det att litt arbeid, men det er ikkje mange dagane før alt er heilt klart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar