SIDER

02.05.2014

Tur til skogen.


I dag la gjengen på Løvetanna ut på tur. Vi pakka sekken med litt drikke og nokre "gulrøtter". På med refleksvestar og ta tak i tauet, så traska vi av gårde. For å motivere dei små føtene til å orke å gå opp bakkane, syng vi "Tøffe tøffe toget" der det er kvar sin gong å "gå av" toget. Det er inspirasjon nok, i tillegg til å vere så heldig å vere omgitt av så vakker natur som vi har. 
Vi kom oss opp til skogen. Der var det ei kjekk sklie å halde på med. Litt skummel, då ho er ganske bratt. Så det kila litt i magen. 
Sklia vart brukt både som sjørøverskute, bru og hus til å samle kongler. 
Etter ei lita stund var det ein gjeng som oppdaga at ein kunne gå utanfor gjerdet. Det var spennande. Dei andre følgte raskt etter. 
Ikkje alltid like lett å fote seg i ulent terreng. Då er det godt å ha ein venn som ein kan tøyse litt i lag med:-). 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar