SIDER

02.05.2014

Solsikka på tur til Ystehola

I dag hadde Solsikka sett seg ut Ystehola som turmål. Dette er ein tur som tek i underkant av ein time opp til trimposten og litt mindre tilbake. Vi brukte nok ein god time opp på grunn av mange gode pausar, og litt utforsking av naturen mens vi gjekk. Vi på Solsikka har kroppen som tema og ein del av dette temaet er fokuset på kropp og helse og det å halde seg i fysisk aktivitet. 
Det første skiltet vi møtte på veg til Ystehola. Og vi måtte ha oss ein pust i bakken når vi kom litt opp i bakkane, då er det godt med ein god venn som kan halde ein med selskap.

Godt med ein vaksen som kan hjelpe og motivere dei som trengde det den siste bakken før vi kom fram til turmålet. Mens andre motiverte kvarandre :)

Gleda var stor når vi endelig såg enden på turen, og vi kunne sjå postkassa med boka vi kunne skrive oss inn i. 

Turen heim gjekk veldig fort! Og både små og store fekk seg ein fin tur sjølv med varierande vêr ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar