SIDER

07.05.2014

Kjøkkenvakt! Jippi!!

I det eg kjem inn på kjøkkenet  onsdag morgon, høyrer eg eit jubelrop: "I dag er det min tur til å vere kjøkkenvakt, jippi!!"
I barnehagen vår er det rift om å få vere med dei vaksne på å tilberede maten og å dekke bordet. På alle gruppene er det stor stas å få hjelpe til. Utan at barna er bevisst det, er det å dekke bord ein kjekk leik med matematiske omgrep, ved t.d. å telle kopper og bestikk og tilpasse antal stoler til bordet.
Vaksne og barn samarbeidar om å gjere klart eit godt og variert utvalg av pålegg. 
Dei vaksne er bevisste på å sette ord på alt dei gjer, og på den måten utvide barna sitt ordforråd. 
Det er mykje som skal ordnast og setjast fram. Dei vaksne skjer opp brød og barna set siste hand på verket. Då er alt klart! Frokost er servert ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar