SIDER

12.03.2014

Skidagen som måtte bli aktivitetsdag i staden.

I dag skulle vi ha ski og akedag, men på grunn av mangel på snøv så blei vi nødt til å finne eit anna navn og alternative aktivitetar. Mange spennande aktivitetar blei ordna til nede på leikeplassen. Og aktivitetsdagen blei innleda med pølsebod for å mette små magar som var svoltne, for deretter å gå i gang med alle aktivitetane. Slalomløype, erteposekasting, hinderløype, sparke ball i mål, potetløp og balansering var aktivitetar som barna på Løvetanna og Solsikka fekk delta på. Mellom aktivitetane var det også anledning til å ta seg en tur på karusellen, skli, disse eller vippe. 
Det blei ei lang kø når alle på Løvetanna og Solsikka skulle stå i kø før å kjøpe seg pølse med brød. Alle barna fekk utdelt 60 heimelaga kroner, som dei kunne handle for i kiosken. 20 kr for pølse og 10 kr for saft. 

Sparke ball i mål, balansering på styltre, slalomløypa og hinderløypa var ein suksess!

Ein runde i karusellen og ein gang ned sklia var ein fin pause før barna tok ein runde til på aktivitetene. Balansering kan vere spennande og litt vanskelig på same tid, men desse Løvetann barna tok denne utfordringa på strak arm.

Medalje og diplomutdeling til slutt! Alle var meget fornøgde med dagen innsats! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar