SIDER

17.03.2014

Skattejakt.

I dag når Åse skulle ha samling med gjengen på Løvetanna, skulle Lene en snartur på kontoret. Men den vart snar, for på kontoret låg det nemlig eit stort brev. Og på det brevet stod det "TIL LØVETANNA". Eg måtte skunde meg inn att for å overlever dette. Det var frå sjølvaste kaptein Sabeltann, og det var eit skattekart i konvolutten. Det viste seg at vi skulle på skattejakt, og skatten den skulle vere en plass på vårt barnehageområde. Vi kledde på oss i full fart, for å starte jakta. 


Første plasse vi måtte leite var ved leikarhuset. Men, nei, der var ingen skatt. Berre eit bilde av sklia. Når vi kom dit fann vi eit nytt bilder, det var av den andre sklia. Vi var innom skogen, leikeskuret og til slutt havna vi nede ved sjørøverskuta. Å der fann vi skatten!!!!!!! Det var spennande med skattejakt, og mange levde seg inn i rolla som småsjørøvera. Det var også litt skummelt, for skattekista bråka når vi rista på ho. Spenninga var stor når kista skulle opnast. Tru kva som var opp i??? Joda, det var gullpengar. Til og med med sjokolade inni. Nam, nam. 


Når vi kom inn att ville barna leike meir sjørøvarar. Vi laga ei liksom-sjørøverskute og alle fekk kvar sine sjørøverflagg. Ship o'hoi!! 
Gjennom denne aktiviteten er målet å legge til rette for, og gje barna inspirasjon til leik og sosialt samspel. Vi ønska å gjere barna nysgjerrige og få fram glede ved å utforske eit skattekart. Denne aktiviteten er en del av Åse sitt opplegg i forbindelse med praksisen sin her i Tusenfryd. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar