SIDER

15.01.2014

Opplæring i digitale verktøy for personalet- januar 2014




 
IKT PÅ PLANDAGEN

Personalet i Tusenfryd hadde plandag i barnehagen 2. og 3. januar.
Dei skulle lære om bruk av digitale verktøy



Dei tilsette i Tusenfryd brukte plandagane i januar til å lære meir om bruk digitale verktøy som eit pedagogisk hjelpemiddel. Målet er at dei skal bli så gode på dette at det vert ein naturleg del av kvardagen vår i barnehagen.
 
Det er viktig for oss at bruk av data, Ipad, fotokamera, interaktiv tavle,  webkamera og ulike programvarer blir integrert i dei ulike tama og prosjekt som gruppene velger å fordjupe seg i.  
 
IKT- opplæring i barnehagane har blitt ein vesentleg og påkravd del i den nasjonale rammeplanen. Målet er at barna skal gå frå å vere digitale konsumentar til å verte digitale produsentar.

Framover våren kjem det til å bli produsert både videofilm, animasjonsfilm, bildedokumentasjonar og anna. Dette vil dokke få sjå smakebitar av her på bloggen.

Les meir om IKT i barnehagen:



http://myrertoppen-barnehagre.blogspot.no


http://iktsenteret.no









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar