Etiketter

"Vekas suppe" (8) #Kokk på hjul (1) 113 (1) 17.mai (6) 9.klasse (1) Advent (1) akedag (1) aking (2) Aktivitet (1) Aktivitetsdag (1) Animasjonsfilm (1) Arbeidmiljø (1) arbeidspraksis (1) Astronaut (1) Atlanterhavsparken (1) Avdelingsmøte (1) avis (2) Badestranda (1) Bading (3) baking (2) bakt fisk. (1) Barnehagedagen. (2) Basseng (2) Biskopen i Møre (1) Bjørnegruppa (1) bjørnungane (2) Blogg (1) blomkål (1) blomkålsuppe (1) Blåklokka (96) Blåklokka BRAVO-leken (1) Blåklokka Leik (1) Blåklokka Musikk (1) Blåklokka tema brann (1) Blåklokka tur indianerskogen (1) Blåklokka Tur Nærmiljø (1) Blåklokka uteleik (1) Bok (1) Bondegård (1) Brann (1) brannvern (1) Bravo-leken (2) Bravoleiken (1) brennenesle (1) Brio Mac (1) briotog (1) Brokkolisuppe (1) Bursdag (1) Bursdagsfeiring (1) Bygge hus (1) Bøker (2) bålpanne (1) chili con carne (1) couscous (1) Dagtavle (1) dans (1) digital dokumentasjon (1) digital plattform (1) dillsaus (1) doktorleik (1) Dokumentasjon (1) dramatisering (1) Dugnad (1) Duplo (1) Dyr (1) Dyrene i Hakkebakkeskogen (1) Eksperiment (4) Emulsjon (1) eplemos (1) epler (1) ertepuré (1) eventyr (8) Eventyrstund (1) Familie (1) Fargar (2) Fargelære (1) farger (1) Fastelaven (1) feiring (1) Fellessamling (5) Ferie (1) Fest (4) Fisk (2) Fiskeburger (1) fiskehamburger (1) fiskekaker (1) Fiskepinner (2) fiskesuppe (1) Fjøra (1) fjøretur (1) flagg (1) Fløten park (1) Foreldremedvirkning (1) Foreldresamarbeid (1) Forming (7) formingsaktivitet (4) formingsaktiviteter (1) forut (3) Foto (1) Friluftsliv (1) frokostblanding (1) Frukt (1) Fuglar (6) Fumlere og Tumlere (1) Fysikkforsøk (1) fysisk aktivitet (4) Fysisk fostring (3) Førskule (4) Førskulebading (2) Førskulebarn (1) førskulebarna (5) Førskulegruppa (17) førskulegruppe (19) Førskuletreff (3) Førskuletur (4) Førskulgruppe (1) Førstehjelp (3) gardsbesøk. (1) Geiranger (2) Glede (1) Gondol (1) grill (1) Grilling (1) grønnsakshage (4) gulrot (1) gulrotsuppe (1) Gym (2) Gårdsbesøk (2) Haust (6) helse (1) Humlegruppa (1) hytte (1) Høgtid (5) Høgtider (8) Høgtidsmarkering (1) Høgtlesing (2) IKT (13) Indianarskogen (2) Indianerskogen (11) Indianerskogen tur vinter solsikka (1) Innedag (1) Inneleik (1) instrument (1) iPad (1) Jonsok (1) jordbær (1) jul (14) Jul i Tusenfryd (1) Julefilm (1) Julenisse (1) Julepynt (3) Karneval (4) Karneval 2014 (1) Karse (1) KIDPLAN (1) Kino (2) Kirka (1) kjærlighet (1) Kjøkken (7) kjøttdeig (1) kjøttsuppe (1) Klippfiskakademiet (2) knekkebrød (1) Kommunikasjon (1) konstruksjonsleik (2) Kontor (1) Kos (1) kreative (1) Kreativitet (1) kropp (1) Kroppen (2) Kroppsspråk (1) krydder (1) kulde (1) Kurs (5) kylling (2) kyrkje (1) laks (2) lam (1) lammegryte (1) Lasagne (1) Leik (3) leikegruppe (1) lesestund (2) Livet i fjøra (1) Lucia (3) Løvetann (3) Løvetanna (132) Magisk samling (1) Male (3) Maleaktivitet (3) marikåpe (1) mat (63) Matglede (1) matlaging (1) Media (1) middag (3) Motorikk (1) motorisk aktivitet (1) moussaka (1) Musikk (3) müsli (1) måleaktivitet (1) måltid (1) Natur og miljø (1) Naturfag (4) Nepal (1) nesler (1) Nisse (1) Nissestreker (2) Norsk kulturarv (1) nudler (1) Nytt barnehageår (1) Nærmiljø (3) nærmiljø og samfunn (1) nøtter (1) OL (1) Ole Brumm (1) Omsorg (1) Oppskrifter (29) Overgang barnehage- skule (1) Overgang barnehage-skule (1) pai (1) Palmegreiner og gåsungar (1) PBL Mentor Kidplan (1) Pepperkake (1) Personalsamarbeid (1) Picnic (1) piknik (1) plaster (1) Polsk (1) potet (1) poteter (1) potetsuppe (2) Praksis (1) praksisfortelling (1) Prinsesseborg (1) påkledning (1) Påske (10) Påskehare (1) påskelunsj (1) påskepynt (1) rabarbra (1) Raudruss (1) REALFAG (16) REALFAG I BARNEHAGEN (1) REALFAG SOM SATSINGSOMRÅDE (10) regn (1) reke (1) Remulade (1) Revegruppa (2) revungane (1) Ridderborg (1) Romvesen (1) Russ (2) rutinesituasjoner (1) Røde Kors (2) salat (1) samarbeid (3) Samling (4) samlingstund (1) Sanser (2) sanserom (2) sanserommet (2) Sansestimulering (1) Sentrum (1) sjørøver (1) Skattejakt (2) Ski (2) skidag (6) Skileik (1) skisenter (1) Skitur (1) Skogen (1) skogen. (1) Skule (1) Skulebesøk (2) Skuleelevar (1) skvallerkål (1) Smakssans (1) smil (1) Smoothie-is (1) smørstekte grønnsaker (1) Småbarn (1) Småbarna (3) Småbarnsavdeling (4) Snø (5) Snøkanon (1) Snøproduksjon (1) Sol (2) Solsikka (161) Solsikka indianerskogen (1) Solsikka matematikk (1) Solsikka. (2) solsikke (1) sommar (1) sommer (2) sommeraktivitet (1) sommeråpen barnehage (1) Sosial kompetanse (1) Språkstimulering (4) squash (2) stjernekikkert (1) stranda sentrum (1) Strandafjellet (1) Suppe (8) surgras (1) sursøtsaus (1) Tacosuppe (1) tandoori (1) tandoorikylling (1) Teambuildig (1) teater (1) Teikn til tale (1) tema (2) temafest (1) Temaarbeid (8) temaarbeid. (1) Thailand (1) Tilknytning (1) Tilvenning (1) Toddlere (1) tog (4) Tomatsuppe (1) torsk (4) Tradisjonar (4) Troll (1) Trolldeig (1) Truger (1) trugetur (1) tur (44) turbingo (1) Tusenfryd (1) Tusenfryd barnehage avd Solsikka (1) ugras (1) Utedag (2) Uteleik (10) Uteliv (6) uteområdet (1) Utetid (5) Utflukt (1) vaffel (1) Vakuum (1) Vannleik (2) varmmat (3) vassfargar (1) vatn (3) Vegetarlasagne (1) Veka"s suppe (1) Venner (1) Vennskap (1) Verdensrommet (5) Verdsarvområde (1) vikar (1) vinter (9) Vinteraktiviteter (1) Vinterbilde (1) vulkan (1) vår (2) Ystehola (1) Ålesund (1)

10.10.2018

Komplisert kommunikasjon

Det er like før lunsjmåltidet skal avsluttast. Kirsti seier at barna skal gå til garderoba for å ta på utekleda. Dei fleste barna er utolmodige, for dei gler seg til å kome ut. I dag skal dei på tur til skogen.

Dei har snakka om turen mange gongar. I morgonsamlinga fekk Lars henge opp bilder på dagtavla. Eit bilde av kvar planlagd aktivitet og rutinesituasjon gjennom dagen. Då dei kom til turbildet, spurte Kirsti om nokon visste kva det bildet  tyda. Då ropte barna høgt i munnen på kvarandre ; "TUR"!!

Under måltidet snakkar dei om alt det dei skal gjere på turen. Solveig og Sara planlegg at dei skal gå i lag. Dei skal gå fremst, bestemmer dei. Josef som sit ved sidan av jentene ser ut i rommet medan han puttar siste brødbiten i munnen. Josef har berre vore i barnehagen  og i Norge i 2 månader. Han er ein roleg gut som raskt knytta seg til dei vaksne. Både Kirsti, Tone og Marit gjer det dei kan for å gjere han trygg, og for at han skal forstå at dei prøver å forstå det han uttrykker.

Josef elskar dinosaurar. Kvar dag vel han den same leiken, der han kan leike tett inntil dei andre barna. Medan han leiker ser han ofte på dei andre og lyttar. Av og til gjentek han ord som han høyrer. Enda forstår han berre enkeltord, men han kjenner rutiner og dagsrytma no.

I det dei andre går mot garderoba og utekleda, svingar Josef inn mot leikerommet med alle dinosaurane. Han har leika der heile føremiddagen, og tenker tydelegvis å fortsette denne leiken.

Josef er ikkje glad i å kle på seg mykje klede for å leike ute. Han har budd dei første leveåra sine i langt varmare klima enn det vi har i haust- Norge. Når det er regnklede som er dagens antrekk, viser han med tydeleg kroppsspråk og med ord vi ikkje forstår, at dette vil han ikkje.


Josef rekk berre så vidt å ta ned favorittleika før Marit kjem og viser med kroppsspråk og ord at dei skal gå til garderoba. Då startar Josef å gråte, med høg lyd, tårer og spark i golvet. Marit tenker raskt at han sikkert ikkje har forstått eller hugsar at dei skal på tur. Ho hentar dagtavla. Der heng det no berre 2 bilder att; bildet for "tur" og bildet for "heim". Ho viser dette til Josef som fortsetter å gråte.

Då får Marit ein idè. Ho hentar fram bilda på avdelingstelefonen frå sist gong dei var til samme turmål. Med teikn, kroppsspråk og bilder på telefonen, prøver ho å fortelje at det er dit dei skal på tur. Josef skular bort på bilda mellom tårene. Det er ikkje godt å seie om han forstår, men gråten avtek litt i styrke.Kirsti som no er ferdig med å hjelpe dei andre barna med regndressane,  kjem til. Ho stryk Josef over ryggen og håret, før ho løftar han opp og ber han mot garderoba, og regnkleda. Litt motvillig lar han seg hjelpe med påkledninga, Ei lita stund etter står han klar for tur med si litt brune hand, i handa til Marit. Han smiler og vinkar. "Hade", ropar han til dei som skal vere att i barnehagen. Det er eit ord han har lært.

Det er ikkje lett å færebu barn på det som skal skje i nær eller fjern framtid, når vi ikkje kan bruke det munnlege språket. Sjølv om både barn og vaksne hadde snakka om turen ved mange høve gjennom dagen, er dette truleg ikkje noko som Josef har muligheit til å fange opp eller forstå. Då er det godt å ha verktøy som kan hjelpe oss i slike situasjonar.

Tydeleg kroppsspråk, teikn til tale, dagtavle og bilder er viktige supplement i vår kommunikasjon med barn i slike situasjonar. Når modige vaksne tør bruke heile seg med ein stor dose velvilje, omsorg og eit stort ønske om å forstå eller gjere seg forstått, kjem personalet langt.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar