Etiketter

"Vekas suppe" (8) #Kokk på hjul (1) 113 (1) 17.mai (6) 9.klasse (1) Advent (1) akedag (1) aking (2) Aktivitet (1) Aktivitetsdag (1) Animasjonsfilm (1) Arbeidmiljø (1) arbeidspraksis (1) Astronaut (1) Atlanterhavsparken (1) Avdelingsmøte (1) avis (2) Badestranda (1) Bading (3) baking (2) bakt fisk. (1) Barnehagedagen. (2) Basseng (2) Biskopen i Møre (1) Bjørnegruppa (1) bjørnungane (2) Blogg (1) blomkål (1) blomkålsuppe (1) Blåklokka (96) Blåklokka BRAVO-leken (1) Blåklokka Leik (1) Blåklokka Musikk (1) Blåklokka tema brann (1) Blåklokka tur indianerskogen (1) Blåklokka Tur Nærmiljø (1) Blåklokka uteleik (1) Bok (1) Bondegård (1) Brann (1) brannvern (1) Bravo-leken (2) Bravoleiken (1) brennenesle (1) Brio Mac (1) briotog (1) Brokkolisuppe (1) Bursdag (1) Bursdagsfeiring (1) Bygge hus (1) Bøker (2) bålpanne (1) chili con carne (1) couscous (1) Dagtavle (1) dans (1) digital dokumentasjon (1) digital plattform (1) dillsaus (1) doktorleik (1) Dokumentasjon (1) dramatisering (1) Dugnad (1) Duplo (1) Dyr (1) Dyrene i Hakkebakkeskogen (1) Eksperiment (4) Emulsjon (1) eplemos (1) epler (1) ertepuré (1) eventyr (8) Eventyrstund (1) Familie (1) Fargar (2) Fargelære (1) farger (1) Fastelaven (1) feiring (1) Fellessamling (5) Ferie (1) Fest (4) Fisk (2) Fiskeburger (1) fiskehamburger (1) fiskekaker (1) Fiskepinner (2) fiskesuppe (1) Fjøra (1) fjøretur (1) flagg (1) Fløten park (1) Foreldremedvirkning (1) Foreldresamarbeid (1) Forming (7) formingsaktivitet (4) formingsaktiviteter (1) forut (3) Foto (1) Friluftsliv (1) frokostblanding (1) Frukt (1) Fuglar (6) Fumlere og Tumlere (1) Fysikkforsøk (1) fysisk aktivitet (4) Fysisk fostring (3) Førskule (4) Førskulebading (2) Førskulebarn (1) førskulebarna (5) Førskulegruppa (17) førskulegruppe (19) Førskuletreff (3) Førskuletur (4) Førskulgruppe (1) Førstehjelp (3) gardsbesøk. (1) Geiranger (2) Glede (1) Gondol (1) grill (1) Grilling (1) grønnsakshage (4) gulrot (1) gulrotsuppe (1) Gym (2) Gårdsbesøk (2) Haust (6) helse (1) Humlegruppa (1) hytte (1) Høgtid (5) Høgtider (8) Høgtidsmarkering (1) Høgtlesing (2) IKT (13) Indianarskogen (2) Indianerskogen (11) Indianerskogen tur vinter solsikka (1) Innedag (1) Inneleik (1) instrument (1) iPad (1) Jonsok (1) jordbær (1) jul (14) Jul i Tusenfryd (1) Julefilm (1) Julenisse (1) Julepynt (3) Karneval (4) Karneval 2014 (1) Karse (1) KIDPLAN (1) Kino (2) Kirka (1) kjærlighet (1) Kjøkken (7) kjøttdeig (1) kjøttsuppe (1) Klippfiskakademiet (2) knekkebrød (1) Kommunikasjon (1) konstruksjonsleik (2) Kontor (1) Kos (1) kreative (1) Kreativitet (1) kropp (1) Kroppen (2) Kroppsspråk (1) krydder (1) kulde (1) Kurs (5) kylling (2) kyrkje (1) laks (2) lam (1) lammegryte (1) Lasagne (1) Leik (3) leikegruppe (1) lesestund (2) Livet i fjøra (1) Lucia (3) Løvetann (3) Løvetanna (132) Magisk samling (1) Male (3) Maleaktivitet (3) marikåpe (1) mat (63) Matglede (1) matlaging (1) Media (1) middag (3) Motorikk (1) motorisk aktivitet (1) moussaka (1) Musikk (3) müsli (1) måleaktivitet (1) måltid (1) Natur og miljø (1) Naturfag (4) Nepal (1) nesler (1) Nisse (1) Nissestreker (2) Norsk kulturarv (1) nudler (1) Nytt barnehageår (1) Nærmiljø (3) nærmiljø og samfunn (1) nøtter (1) OL (1) Ole Brumm (1) Omsorg (1) Oppskrifter (29) Overgang barnehage- skule (1) Overgang barnehage-skule (1) pai (1) Palmegreiner og gåsungar (1) PBL Mentor Kidplan (1) Pepperkake (1) Personalsamarbeid (1) Picnic (1) piknik (1) plaster (1) Polsk (1) potet (1) poteter (1) potetsuppe (2) Praksis (1) praksisfortelling (1) Prinsesseborg (1) påkledning (1) Påske (10) Påskehare (1) påskelunsj (1) påskepynt (1) rabarbra (1) Raudruss (1) REALFAG (16) REALFAG I BARNEHAGEN (1) REALFAG SOM SATSINGSOMRÅDE (10) regn (1) reke (1) Remulade (1) Revegruppa (2) revungane (1) Ridderborg (1) Romvesen (1) Russ (2) rutinesituasjoner (1) Røde Kors (2) salat (1) samarbeid (3) Samling (4) samlingstund (1) Sanser (2) sanserom (2) sanserommet (2) Sansestimulering (1) Sentrum (1) sjørøver (1) Skattejakt (2) Ski (2) skidag (6) Skileik (1) skisenter (1) Skitur (1) Skogen (1) skogen. (1) Skule (1) Skulebesøk (2) Skuleelevar (1) skvallerkål (1) Smakssans (1) smil (1) Smoothie-is (1) smørstekte grønnsaker (1) Småbarn (1) Småbarna (3) Småbarnsavdeling (4) Snø (5) Snøkanon (1) Snøproduksjon (1) Sol (2) Solsikka (161) Solsikka indianerskogen (1) Solsikka matematikk (1) Solsikka. (2) solsikke (1) sommar (1) sommer (2) sommeraktivitet (1) sommeråpen barnehage (1) Sosial kompetanse (1) Språkstimulering (4) squash (2) stjernekikkert (1) stranda sentrum (1) Strandafjellet (1) Suppe (8) surgras (1) sursøtsaus (1) Tacosuppe (1) tandoori (1) tandoorikylling (1) Teambuildig (1) teater (1) Teikn til tale (1) tema (2) temafest (1) Temaarbeid (8) temaarbeid. (1) Thailand (1) Tilknytning (1) Tilvenning (1) Toddlere (1) tog (4) Tomatsuppe (1) torsk (4) Tradisjonar (4) Troll (1) Trolldeig (1) Truger (1) trugetur (1) tur (44) turbingo (1) Tusenfryd (1) Tusenfryd barnehage avd Solsikka (1) ugras (1) Utedag (2) Uteleik (10) Uteliv (6) uteområdet (1) Utetid (5) Utflukt (1) vaffel (1) Vakuum (1) Vannleik (2) varmmat (3) vassfargar (1) vatn (3) Vegetarlasagne (1) Veka"s suppe (1) Venner (1) Vennskap (1) Verdensrommet (5) Verdsarvområde (1) vikar (1) vinter (9) Vinteraktiviteter (1) Vinterbilde (1) vulkan (1) vår (2) Ystehola (1) Ålesund (1)

20.09.2018

Måltidet som ein pedagogisk arena

Eit sunt kosthald og gode smaksopplevingar er viktig for både store og små - både i barnehagen og heime. På Blåklokka har vi tre måltid per dag og det seier seg sjølv at dette då er ein stor del av barnehagekvardagen for dei små. Det er difor ein viktig arena for å skape matglede og fellesskap.
I den nye Rammeplanen for barnehagen har mat og måltid også fått ein tydelegare plass enn før. Dette kan nok vere eit resultat av at det dei siste åra har vore eit større fokus på maten som barna har med eller får servert i barnehagen. Rammeplanen viser også til at mat og måltid kan integrerast i alle fagområda. Her er nokre eksempel:
  • Mat er identitet og kultur: i alle kulturar har mat og måltid ei sentral rolle i forbindelse med høgtider, feiringar og ulike tradisjonar. Her kan vi også vere med på å fremje barnas nysgjerrigheit og undring over likskap og forskjellar.
  • Språkutvikling: under måltidet set vi i ro, vi set rundt bordet og kan få god blikk-kontakt - noko som skaper ein god arena for språkutvikling. Vi benevner pålegget og maten vi ellers et, vi syng bordvers, vi øver på å lytte til kvarandre og vi hjelper barna med å sette ord på ulike smaker.
  • Estetisk erfaring: servere måltida slik at det ser innbydande ut, og bruke ulike grønnsaker eller frukter som gir maten eit estetisk løft - noko som igjen kan auke appetitten. Barna tek også i bruk mange ulike sansar.
  • Mengd, rom og form: kva kan vi ete mykje av, kva et vi berre litt av, ulike former på frukt og grønt, klassifisering - blå kopper, runde pålegg, smørepålegg osv.

Her i Tusenfryd er vi så heldige at vi har eigen kjøkkenassistent som jobbar med å setje saman sunne menyar der maten blir tilberedt frå "bunnen" av, med vekt på bruk av sunne råvarer. Variasjon er også eit viktig moment som blir vektlagt.
I det daglege prøvar vi å ta med barna på ulike aktivitetar - også når det gjeld førebuing av måltid. Barna får kvar sin gong vere med på hovudkjøkkenet for å hente pålegg, grønnsaker, brød og melk. Vi brukar dei små handlevognene og bilder av det vi treng til dette.





Når vi har fått maten på bordet får barna servert ulike grønnsaker i tillegg til brød og pålegg. Ofte vel dei ut i fra det som ser mest fargerikt ut. Det blir mykje smaking, utspytting, og smaking igjen, før dei som regel finn sine favorittar.

Når vi feirar bursdag er det fruktsalat med vaniljekesam som blir servert. Her bruka vi varierte frukter - litt etter sesong. Dei små likar godt å sitte og plukke dei små fruktbitane og kjenne på dei ulike smakane. Her øver vi mykje motorikk - både med å prøve å ete med skjei, og med å bruke pinsettgrep for å plukke bitane med fingrane.
Kvar tirsdag er det suppe og kvar torsdag er det varm lunsj som består av ulike middagsrettar. Her er det stor variasjon i kva som blir servert og barna er heldige som blir eksponert for så mange ulike smaker. Dei større barna på dei andre avdelingane deltek ofte i tilbereiinga av varmmaten.

Det er stor stas blandt dei små når dei får servert desse måltida. Då tek dei i bruk sansane sine til å sjå på, lukte på, smake på og føle på. Litt går i munnen, litt dett ned og litt skviser dei mellom fingrene eller trykker utover bordet. Og likar vi det ikkje kjem det skiver på bordet etterkvart.

Alt i alt er måltida ein sosial arena der vi kan vere med på å skape eit sunt og naturleg forhold til mat og helse.




Informasjon henta 20.9.2018 frå: http://mhfa.no/wp-content/uploads/2017/09/Maaltidet_som_pedagogisk_arena_HR.pdf  







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar