Etiketter

"Vekas suppe" (8) #Kokk på hjul (1) 113 (1) 17.mai (6) 9.klasse (1) Advent (1) akedag (1) aking (2) Aktivitet (1) Aktivitetsdag (1) Animasjonsfilm (1) Arbeidmiljø (1) arbeidspraksis (1) Astronaut (1) Atlanterhavsparken (1) Avdelingsmøte (1) avis (2) Badestranda (1) Bading (3) baking (2) bakt fisk. (1) Barnehagedagen. (2) Basseng (2) Biskopen i Møre (1) Bjørnegruppa (1) bjørnungane (2) Blogg (1) blomkål (1) blomkålsuppe (1) Blåklokka (96) Blåklokka BRAVO-leken (1) Blåklokka Leik (1) Blåklokka Musikk (1) Blåklokka tema brann (1) Blåklokka tur indianerskogen (1) Blåklokka Tur Nærmiljø (1) Blåklokka uteleik (1) Bok (1) Bondegård (1) Brann (1) brannvern (1) Bravo-leken (2) Bravoleiken (1) brennenesle (1) Brio Mac (1) briotog (1) Brokkolisuppe (1) Bursdag (1) Bursdagsfeiring (1) Bygge hus (1) Bøker (2) bålpanne (1) chili con carne (1) couscous (1) Dagtavle (1) dans (1) digital dokumentasjon (1) digital plattform (1) dillsaus (1) doktorleik (1) Dokumentasjon (1) dramatisering (1) Dugnad (1) Duplo (1) Dyr (1) Dyrene i Hakkebakkeskogen (1) Eksperiment (4) Emulsjon (1) eplemos (1) epler (1) ertepuré (1) eventyr (8) Eventyrstund (1) Familie (1) Fargar (2) Fargelære (1) farger (1) Fastelaven (1) feiring (1) Fellessamling (5) Ferie (1) Fest (4) Fisk (2) Fiskeburger (1) fiskehamburger (1) fiskekaker (1) Fiskepinner (2) fiskesuppe (1) Fjøra (1) fjøretur (1) flagg (1) Fløten park (1) Foreldremedvirkning (1) Foreldresamarbeid (1) Forming (7) formingsaktivitet (4) formingsaktiviteter (1) forut (3) Foto (1) Friluftsliv (1) frokostblanding (1) Frukt (1) Fuglar (6) Fumlere og Tumlere (1) Fysikkforsøk (1) fysisk aktivitet (4) Fysisk fostring (3) Førskule (4) Førskulebading (2) Førskulebarn (1) førskulebarna (5) Førskulegruppa (17) førskulegruppe (19) Førskuletreff (3) Førskuletur (4) Førskulgruppe (1) Førstehjelp (3) gardsbesøk. (1) Geiranger (2) Glede (1) Gondol (1) grill (1) Grilling (1) grønnsakshage (4) gulrot (1) gulrotsuppe (1) Gym (2) Gårdsbesøk (2) Haust (6) helse (1) Humlegruppa (1) hytte (1) Høgtid (5) Høgtider (8) Høgtidsmarkering (1) Høgtlesing (2) IKT (13) Indianarskogen (2) Indianerskogen (11) Indianerskogen tur vinter solsikka (1) Innedag (1) Inneleik (1) instrument (1) iPad (1) Jonsok (1) jordbær (1) jul (14) Jul i Tusenfryd (1) Julefilm (1) Julenisse (1) Julepynt (3) Karneval (4) Karneval 2014 (1) Karse (1) KIDPLAN (1) Kino (2) Kirka (1) kjærlighet (1) Kjøkken (7) kjøttdeig (1) kjøttsuppe (1) Klippfiskakademiet (2) knekkebrød (1) Kommunikasjon (1) konstruksjonsleik (2) Kontor (1) Kos (1) kreative (1) Kreativitet (1) kropp (1) Kroppen (2) Kroppsspråk (1) krydder (1) kulde (1) Kurs (5) kylling (2) kyrkje (1) laks (2) lam (1) lammegryte (1) Lasagne (1) Leik (3) leikegruppe (1) lesestund (2) Livet i fjøra (1) Lucia (3) Løvetann (3) Løvetanna (132) Magisk samling (1) Male (3) Maleaktivitet (3) marikåpe (1) mat (63) Matglede (1) matlaging (1) Media (1) middag (3) Motorikk (1) motorisk aktivitet (1) moussaka (1) Musikk (3) müsli (1) måleaktivitet (1) måltid (1) Natur og miljø (1) Naturfag (4) Nepal (1) nesler (1) Nisse (1) Nissestreker (2) Norsk kulturarv (1) nudler (1) Nytt barnehageår (1) Nærmiljø (3) nærmiljø og samfunn (1) nøtter (1) OL (1) Ole Brumm (1) Omsorg (1) Oppskrifter (29) Overgang barnehage- skule (1) Overgang barnehage-skule (1) pai (1) Palmegreiner og gåsungar (1) PBL Mentor Kidplan (1) Pepperkake (1) Personalsamarbeid (1) Picnic (1) piknik (1) plaster (1) Polsk (1) potet (1) poteter (1) potetsuppe (2) Praksis (1) praksisfortelling (1) Prinsesseborg (1) påkledning (1) Påske (10) Påskehare (1) påskelunsj (1) påskepynt (1) rabarbra (1) Raudruss (1) REALFAG (16) REALFAG I BARNEHAGEN (1) REALFAG SOM SATSINGSOMRÅDE (10) regn (1) reke (1) Remulade (1) Revegruppa (2) revungane (1) Ridderborg (1) Romvesen (1) Russ (2) rutinesituasjoner (1) Røde Kors (2) salat (1) samarbeid (3) Samling (4) samlingstund (1) Sanser (2) sanserom (2) sanserommet (2) Sansestimulering (1) Sentrum (1) sjørøver (1) Skattejakt (2) Ski (2) skidag (6) Skileik (1) skisenter (1) Skitur (1) Skogen (1) skogen. (1) Skule (1) Skulebesøk (2) Skuleelevar (1) skvallerkål (1) Smakssans (1) smil (1) Smoothie-is (1) smørstekte grønnsaker (1) Småbarn (1) Småbarna (3) Småbarnsavdeling (4) Snø (5) Snøkanon (1) Snøproduksjon (1) Sol (2) Solsikka (161) Solsikka indianerskogen (1) Solsikka matematikk (1) Solsikka. (2) solsikke (1) sommar (1) sommer (2) sommeraktivitet (1) sommeråpen barnehage (1) Sosial kompetanse (1) Språkstimulering (4) squash (2) stjernekikkert (1) stranda sentrum (1) Strandafjellet (1) Suppe (8) surgras (1) sursøtsaus (1) Tacosuppe (1) tandoori (1) tandoorikylling (1) Teambuildig (1) teater (1) Teikn til tale (1) tema (2) temafest (1) Temaarbeid (8) temaarbeid. (1) Thailand (1) Tilknytning (1) Tilvenning (1) Toddlere (1) tog (4) Tomatsuppe (1) torsk (4) Tradisjonar (4) Troll (1) Trolldeig (1) Truger (1) trugetur (1) tur (44) turbingo (1) Tusenfryd (1) Tusenfryd barnehage avd Solsikka (1) ugras (1) Utedag (2) Uteleik (10) Uteliv (6) uteområdet (1) Utetid (5) Utflukt (1) vaffel (1) Vakuum (1) Vannleik (2) varmmat (3) vassfargar (1) vatn (3) Vegetarlasagne (1) Veka"s suppe (1) Venner (1) Vennskap (1) Verdensrommet (5) Verdsarvområde (1) vikar (1) vinter (9) Vinteraktiviteter (1) Vinterbilde (1) vulkan (1) vår (2) Ystehola (1) Ålesund (1)

13.12.2017

"Eg er berre så lei meg for at det er mi siste luciafeiring ibarnehagen! Eg skulle ønske den varte mykje lenger..!"

Snøen knirker under skoa i det eg går inn porten til barnehagen. Det er mørkt og stille, og bygda vaknar så smått til liv. I dag er eg tidleg ute, men ikkje før Hilde som har åpnevakta. Ho kom også ekstra tidleg for å starte runden med å skru på alle julelysa. Eg går inn og set bereposane eg har med meg inn i gangen. I den eine posen har eg nokre fakler som eg åpner og tek med meg ut att i kulden. Eg vil så gjerne rekke å tenne dei før dei første barna kjem klokka 6.40. Eg frys på fingrane i det eg plasserer faklane i snøen og skundar meg å tenne dei før eg småspring inn att i varmen.

Inne har Hilde komt rundt med «lystenninga» si. Vi går inn på kjøkkenet og starter med  forberedelsane til luciafrokosten. Mykje er gjort på forhånd. Maria har stått på i fleire dagar med å lage heimelaga salatar, kabaret og mykje anna godt pålegg. På avdelingane har barna og personalet baka lussekatter i store mengder. No skal alt leggast på fat og setjast fram på frokostbuffet. 


Foreldre og besteforeldre er invitert til frokost klokka ni.

Det er ei heilt spesiell stemning i barnehagen i dag.
Dette er noko barna har gledd seg til lenge. Dei har øvd på julesongar og pynta på avdelingane. Her eksisterer ikkje minimalismen! Glitter og stas, lyslenker og julepynt i rikeleg monn dekker vindu og vegger. Barna sine julegaver til heimane er gøymt unna nyskjerrige foreldre... 


Klokka nærmar seg ni og lukta av mat og kaffi heng i lufta. Barnehagen fyllast opp av spente barn, foreldre og besteforeldre. Alle barna får ha med seg to gjestar kvar, og det har komt oss for øyre at det er rift om plassane på «gjestelista»😄. 

Barna går for å gjere seg klar til luciatoget, medan gjestane finn seg ein plass ved borda inne på avdelingane. 

Like etter høyrer vi luciasangen i det luciatoget startar ute i garderoba. Så kjem dei, førskulebarna først, alle med lys i håret. Her får alle vere "lucia" det siste året i barnehagen, både gutar og jenter likar å få dette ekstra ærefulle oppdraget.  Rette i ryggen og med lys i handa går dei inn mellom alle gjestane som ivrig prøver å få eit bilde av sitt barn. 
I år har "luciane"fremst i toget verkeleg gitt gass og det blir ei sprekk i rekka til dei med litt kortare føter som kjem bak. Nokre strever litt med å henge på, med både kjole,lys og glitter i håret... Og så ser dei plutseleg kjentfolk i det dei beveger seg gjennom lokalet. Stig må stoppe litt opp med mamma for ein kos, men går tappert vidare, men Johanne stopper sin luciagang hos pappa, nesten før den har starta😄. Snart har dei eldste begynt å stille seg opp til korsang, og dei andre kjem litt etter litt fram til koret dei også. 

Etter nydeleg korsang er det endeleg tid for mat. 
Tolmodige sjeler venter i kø for å få forsyne seg, men etterkvart har alle fått rikeleg med både mat og drikke. Praten går livleg ved borda. Og eg ser at barna koser seg og nyt besøket sitt. For nokon er det difor veldig trist når gjestane etter kvart må takke for seg. 

Solveig som er førskolejente, ser ekstra trist ut. Eg tek ho på fanget og spør korleis det går med ho. 
"Eg er berre så lei meg for at det er mi siste luciafeiring i barnehagen! Eg skulle ønske den varte mykje lenger..!" 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar