Etiketter

"Vekas suppe" (8) #Kokk på hjul (1) 113 (1) 17.mai (6) 9.klasse (1) Advent (1) akedag (1) aking (2) Aktivitet (1) Aktivitetsdag (1) Animasjonsfilm (1) Arbeidmiljø (1) arbeidspraksis (1) Astronaut (1) Atlanterhavsparken (1) Avdelingsmøte (1) avis (2) Badestranda (1) Bading (3) baking (2) bakt fisk. (1) Barnehagedagen. (2) Basseng (2) Biskopen i Møre (1) Bjørnegruppa (1) bjørnungane (2) Blogg (1) blomkål (1) blomkålsuppe (1) Blåklokka (96) Blåklokka BRAVO-leken (1) Blåklokka Leik (1) Blåklokka Musikk (1) Blåklokka tema brann (1) Blåklokka tur indianerskogen (1) Blåklokka Tur Nærmiljø (1) Blåklokka uteleik (1) Bok (1) Bondegård (1) Brann (1) brannvern (1) Bravo-leken (2) Bravoleiken (1) brennenesle (1) Brio Mac (1) briotog (1) Brokkolisuppe (1) Bursdag (1) Bursdagsfeiring (1) Bygge hus (1) Bøker (2) bålpanne (1) chili con carne (1) couscous (1) Dagtavle (1) dans (1) digital dokumentasjon (1) digital plattform (1) dillsaus (1) doktorleik (1) Dokumentasjon (1) dramatisering (1) Dugnad (1) Duplo (1) Dyr (1) Dyrene i Hakkebakkeskogen (1) Eksperiment (4) Emulsjon (1) eplemos (1) epler (1) ertepuré (1) eventyr (8) Eventyrstund (1) Familie (1) Fargar (2) Fargelære (1) farger (1) Fastelaven (1) feiring (1) Fellessamling (5) Ferie (1) Fest (4) Fisk (2) Fiskeburger (1) fiskehamburger (1) fiskekaker (1) Fiskepinner (2) fiskesuppe (1) Fjøra (1) fjøretur (1) flagg (1) Fløten park (1) Foreldremedvirkning (1) Foreldresamarbeid (1) Forming (7) formingsaktivitet (4) formingsaktiviteter (1) forut (3) Foto (1) Friluftsliv (1) frokostblanding (1) Frukt (1) Fuglar (6) Fumlere og Tumlere (1) Fysikkforsøk (1) fysisk aktivitet (4) Fysisk fostring (3) Førskule (4) Førskulebading (2) Førskulebarn (1) førskulebarna (5) Førskulegruppa (17) førskulegruppe (19) Førskuletreff (3) Førskuletur (4) Førskulgruppe (1) Førstehjelp (3) gardsbesøk. (1) Geiranger (2) Glede (1) Gondol (1) grill (1) Grilling (1) grønnsakshage (4) gulrot (1) gulrotsuppe (1) Gym (2) Gårdsbesøk (2) Haust (6) helse (1) Humlegruppa (1) hytte (1) Høgtid (5) Høgtider (8) Høgtidsmarkering (1) Høgtlesing (2) IKT (13) Indianarskogen (2) Indianerskogen (11) Indianerskogen tur vinter solsikka (1) Innedag (1) Inneleik (1) instrument (1) iPad (1) Jonsok (1) jordbær (1) jul (14) Jul i Tusenfryd (1) Julefilm (1) Julenisse (1) Julepynt (3) Karneval (4) Karneval 2014 (1) Karse (1) KIDPLAN (1) Kino (2) Kirka (1) kjærlighet (1) Kjøkken (7) kjøttdeig (1) kjøttsuppe (1) Klippfiskakademiet (2) knekkebrød (1) Kommunikasjon (1) konstruksjonsleik (2) Kontor (1) Kos (1) kreative (1) Kreativitet (1) kropp (1) Kroppen (2) Kroppsspråk (1) krydder (1) kulde (1) Kurs (5) kylling (2) kyrkje (1) laks (2) lam (1) lammegryte (1) Lasagne (1) Leik (3) leikegruppe (1) lesestund (2) Livet i fjøra (1) Lucia (3) Løvetann (3) Løvetanna (132) Magisk samling (1) Male (3) Maleaktivitet (3) marikåpe (1) mat (63) Matglede (1) matlaging (1) Media (1) middag (3) Motorikk (1) motorisk aktivitet (1) moussaka (1) Musikk (3) müsli (1) måleaktivitet (1) måltid (1) Natur og miljø (1) Naturfag (4) Nepal (1) nesler (1) Nisse (1) Nissestreker (2) Norsk kulturarv (1) nudler (1) Nytt barnehageår (1) Nærmiljø (3) nærmiljø og samfunn (1) nøtter (1) OL (1) Ole Brumm (1) Omsorg (1) Oppskrifter (29) Overgang barnehage- skule (1) Overgang barnehage-skule (1) pai (1) Palmegreiner og gåsungar (1) PBL Mentor Kidplan (1) Pepperkake (1) Personalsamarbeid (1) Picnic (1) piknik (1) plaster (1) Polsk (1) potet (1) poteter (1) potetsuppe (2) Praksis (1) praksisfortelling (1) Prinsesseborg (1) påkledning (1) Påske (10) Påskehare (1) påskelunsj (1) påskepynt (1) rabarbra (1) Raudruss (1) REALFAG (16) REALFAG I BARNEHAGEN (1) REALFAG SOM SATSINGSOMRÅDE (10) regn (1) reke (1) Remulade (1) Revegruppa (2) revungane (1) Ridderborg (1) Romvesen (1) Russ (2) rutinesituasjoner (1) Røde Kors (2) salat (1) samarbeid (3) Samling (4) samlingstund (1) Sanser (2) sanserom (2) sanserommet (2) Sansestimulering (1) Sentrum (1) sjørøver (1) Skattejakt (2) Ski (2) skidag (6) Skileik (1) skisenter (1) Skitur (1) Skogen (1) skogen. (1) Skule (1) Skulebesøk (2) Skuleelevar (1) skvallerkål (1) Smakssans (1) smil (1) Smoothie-is (1) smørstekte grønnsaker (1) Småbarn (1) Småbarna (3) Småbarnsavdeling (4) Snø (5) Snøkanon (1) Snøproduksjon (1) Sol (2) Solsikka (161) Solsikka indianerskogen (1) Solsikka matematikk (1) Solsikka. (2) solsikke (1) sommar (1) sommer (2) sommeraktivitet (1) sommeråpen barnehage (1) Sosial kompetanse (1) Språkstimulering (4) squash (2) stjernekikkert (1) stranda sentrum (1) Strandafjellet (1) Suppe (8) surgras (1) sursøtsaus (1) Tacosuppe (1) tandoori (1) tandoorikylling (1) Teambuildig (1) teater (1) Teikn til tale (1) tema (2) temafest (1) Temaarbeid (8) temaarbeid. (1) Thailand (1) Tilknytning (1) Tilvenning (1) Toddlere (1) tog (4) Tomatsuppe (1) torsk (4) Tradisjonar (4) Troll (1) Trolldeig (1) Truger (1) trugetur (1) tur (44) turbingo (1) Tusenfryd (1) Tusenfryd barnehage avd Solsikka (1) ugras (1) Utedag (2) Uteleik (10) Uteliv (6) uteområdet (1) Utetid (5) Utflukt (1) vaffel (1) Vakuum (1) Vannleik (2) varmmat (3) vassfargar (1) vatn (3) Vegetarlasagne (1) Veka"s suppe (1) Venner (1) Vennskap (1) Verdensrommet (5) Verdsarvområde (1) vikar (1) vinter (9) Vinteraktiviteter (1) Vinterbilde (1) vulkan (1) vår (2) Ystehola (1) Ålesund (1)

22.09.2017

Førskuletur til Geiranger 2017

21.september reiste alle 13 førskulebarna på tur til Geiranger. Turen er meint som eit ledd i det å styrke gruppekjensla ved felles opplevingar, i tillegg til å bli kjend med ein del av kommuna vår som mange ikkje har besøkt før.
13 spente barn kom med sekk på ryggen, klare til den første store utflukter som førskulegruppe. I sekken låg det niste, drikke og litt ekstra klede.
Etter ein busstur på ca 30 minutt gjekk vi ombord i ferga Bolsøy som går mellom Hellesylt og Geiranger fra 1.mai til 30.september. Den turen tar ca1 time.
Då vi kom ombord var dei raske til å leite fram matboksane sine for det er trass alt ikkje kvar dag det er nødvendig med matboks🍞🍌🍎🥐. Vi var også så heldige å få sveler med damene i kafeen👩🍳

Vi hadde ikkje tatt mange bitane før en av fergemannskapet kom og lurte på om det var nokon som ville bli med opp i styrhuset. Og det ville alle!
Nokre av borna ville prøve den fine stolen til fergeskipper'n medan andre studerte kontrollbordet.

Då vi kom i land sto opplevelsane i kø. Vi såg brannstasjon, vi hilste på det store trollet, vi såg dei kule elbilene og vi møtte motorsyklistar frå Dubai som ville dele ut armbånd og pins til oss. Og alt dette før vi hadde starta på oppoverbakkane!
På fjordsenteret måtte vi ete litt niste igjen før vi såg ein film om verdsarvområdet. Etterpå gjekk vi rundt og såg på korleis det var i verdsarvområdet i gamledager. Her var det gamle hus og arbeidsredskap i tillegg til eit "snøras" med ein litt skummel lyd. I år var vi betre forberedt enn i fjor, så det var ingen som vart redde av lyden.

I underetasjen på fjordsenteret er det aktivitetsrom der barna kan prøve ulike ting, bruke sansane sine, teikne, sjå i bøker eller leike.
Då vi skulle ned att til ferga gjekk vi den flotte trappevegen. Det var veldig mange trappetrinn syns dei! Vi stoppa undervegs og såg på vatnet som fossa nedover mot fjorden.

Då vi kom ned hadde vi litt tid før ferga skulle gå, så vi stakk en liten tur innom barnehagen der vi fekk leike litt i lag med førskulegruppa.
15.45 var vi tilbake i barnehagen der spente foreldre venta på jenta eller guten sin👫
Ei kjekk dag med mange opplevingar!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar