Aller først på programmet var kokkekurs på Klippfiskakademiet.
Her vart vi tatt godt imot av Mia som var læraren vår på kurset. Alle fekk utdelt forkle og kvar sin krakk slik at benkehøgda vart rett.
Først på menyen var heimelagde fiskekaker. Barna kutta opp fisken i mindre stykker og dei målte opp rett mengde melk og krydder. Etterpå var dei med på å forme fiskekakene på steikepanna. Så trilla dei ut hamburgerbrød og lagde salat🥒🌶🥗, før det vart pynting av bløtkake som vi skulle ha til dessert🍓🍰.
Barna sto også for dekking av bordet og alle deltok med iver og glede🍽🥄🥛
Kanskje Finn vi ein av desse som kokk på ein restaurant om nokre år?👨🍳👩🍳
Etter at vi var gode og mette var vi klar for å sjå på fiskane i akvariet. Mykje spennande å sjå, og ekstra spennande å sjå dykkeren som først holdt på med reingjering av den store glasveggen i akvariet før det var matetid av fiskane.
Kjekt å vere på aktivitetsrommet og få utfordre seg sjølve ved å kjenne på/halde ulike levande skapningar som bor i sjøen. Det var sjøstjerner, hummer, sjøpølse og diverse anna. Litt skummelt, litt ekkelt men veldig kjekt!
Her fekk dei også prøve å fiske småkrabber ved hjelp av snøre med reke på.
Tilslutt på programmet var vi ute der vi fekk sjå når Oterane og Pingvinane fekk mat.
Vi hadde ei kjekk dag med mange fine opplevingar og mange nye inntrykk. Mange sansar vart tatt i bruk denne dagen og det var ein sliten gjeng som returnerte til Tusenfryd og foreldra som sto og venta på dei.
No er barnehagetida snart over for denne gjengen, og nye opplevingar venta på skulen✏️📝📚
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar