På turen var det mykje å sjå og det var kjekt å høyre at dei reflekterte mykje over naturen sine endringar - som det er mykje av denne årstida. Vi har snakka om ulike tresortar og om lav og kjuke. Og sidan kjuke var det som sto igjen å finne så var alle på utkikk etter det.
Mauren var også interresant. Det var imponerande og sjå den flittige lille mauren jobbe på for å ordne på maurtua etter vinteren.
Då vi kom fram til Ystehola fekk dei leike seg ei stund før vi opna sekkane og leita fram nistepakkane. Mat smakar alltid godt ute i skogen!
Etter mat hadde vi konkurranse der alle skulle finne ulike ting frå temaet vi har hatt. Dei skulle finne nåler frå grantre og frå furu, finne bark, mose, lav og lyng.
Dei var kjempeflinke!
Og jammen klarte førskulegruppa også å finne kjuker!
Ein flott tur i fint turver. Vi er kjempeheldige som har slike turstier rett utenfor barnehagedøra!🐜🐛🌲🌿🌥
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar