Rett etter frukost var det på med jakke, sko og ikkje minst den ferdig pakka skulesekken med matpakke og drikke i🍞🥒🍏.
Ned til skulen vi gjekk i ei fin rekke. I magane flaug somarfuglane rundt medan vi traska avgårde for å rekke skulen. Vi kan ikkje komme for seint sjølv om det "berre" er ein prøvedag⏰.
Og det var så kjekt då vi kom ned og vart møtt av alle dei som hadde gått i barnehagen i fjor - dei som no går i første klasse.
Litt skummelt i starten, men det tok ikkje lange stunda før alle var i leik. Førsteklassingane var veldig flinke til å ta seg av besøket sitt!
Etter ei god utestund fekk vi vere med inn for å ete den gode nistematen. Vi fekk sete ved pultane i lag med dei vi kjende frå før.
Så var det skuletime, der alle fekk utdelt ark med oppgåver. Førsteklassingane var flinke til å hjelpe førskuleborna til å forstå kva dei skulle gjere.
Det var djup konsentrasjon i klasserommet📝✏️📐📖
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar