Påskehistoria kan verke litt skummel og ikkje alltid like enkel å formidle til barna, men det var veldig kjekt å sjå at kyrkja var så fint laga til og at vi kunne sjå og studere det som var der og bruke det i vår "Påskevandring". Det vart eit opplegg som var meir tilpassa vår aldersgruppe, men vi opplevde at dette var noko som dei syntes vart kjekt og dei hadde stort utbytte av! 😊
Etter vi var ferdige i kyrkja tok vi turen opp på Fløten for å ete litt frukt og kjeks! Godt med litt belønning etter ein lang gå tur til sentrum. Ein super gjeng å ha med seg på tur! Kjempe kjekt å få avslutte dagen der i deilig vår vêr 😊
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar