Etiketter

"Vekas suppe" (8) #Kokk på hjul (1) 113 (1) 17.mai (6) 9.klasse (1) Advent (1) akedag (1) aking (2) Aktivitet (1) Aktivitetsdag (1) Animasjonsfilm (1) Arbeidmiljø (1) arbeidspraksis (1) Astronaut (1) Atlanterhavsparken (1) Avdelingsmøte (1) avis (2) Badestranda (1) Bading (3) baking (2) bakt fisk. (1) Barnehagedagen. (2) Basseng (2) Biskopen i Møre (1) Bjørnegruppa (1) bjørnungane (2) Blogg (1) blomkål (1) blomkålsuppe (1) Blåklokka (93) Blåklokka BRAVO-leken (1) Blåklokka Leik (1) Blåklokka Musikk (1) Blåklokka tema brann (1) Blåklokka tur indianerskogen (1) Blåklokka Tur Nærmiljø (1) Blåklokka uteleik (1) Bok (1) Bondegård (1) Brann (1) brannvern (1) Bravo-leken (2) Bravoleiken (1) brennenesle (1) Brio Mac (1) briotog (1) Brokkolisuppe (1) Bursdag (1) Bursdagsfeiring (1) Bygge hus (1) Bøker (2) bålpanne (1) chili con carne (1) couscous (1) dans (1) dillsaus (1) doktorleik (1) dramatisering (1) Dugnad (1) Duplo (1) Dyr (1) Dyrene i Hakkebakkeskogen (1) Eksperiment (4) Emulsjon (1) eplemos (1) epler (1) ertepuré (1) eventyr (8) Eventyrstund (1) Familie (1) Fargar (2) Fargelære (1) farger (1) Fastelaven (1) feiring (1) Fellessamling (5) Ferie (1) Fest (4) Fisk (2) Fiskeburger (1) fiskehamburger (1) fiskekaker (1) Fiskepinner (2) fiskesuppe (1) Fjøra (1) fjøretur (1) flagg (1) Fløten park (1) Forming (7) formingsaktivitet (4) formingsaktiviteter (1) forut (3) Foto (1) Friluftsliv (1) frokostblanding (1) Frukt (1) Fuglar (6) Fumlere og Tumlere (1) Fysikkforsøk (1) fysisk aktivitet (4) Fysisk fostring (3) Førskule (4) Førskulebading (2) Førskulebarn (1) førskulebarna (5) Førskulegruppa (17) førskulegruppe (19) Førskuletreff (3) Førskuletur (4) Førskulgruppe (1) Førstehjelp (3) gardsbesøk. (1) Geiranger (2) Glede (1) Gondol (1) grill (1) Grilling (1) grønnsakshage (4) gulrot (1) gulrotsuppe (1) Gym (2) Gårdsbesøk (2) Haust (6) helse (1) Humlegruppa (1) hytte (1) Høgtid (5) Høgtider (8) Høgtidsmarkering (1) Høgtlesing (2) IKT (13) Indianarskogen (2) Indianerskogen (11) Indianerskogen tur vinter solsikka (1) Innedag (1) Inneleik (1) instrument (1) iPad (1) Jonsok (1) jordbær (1) jul (14) Jul i Tusenfryd (1) Julefilm (1) Julenisse (1) Julepynt (3) Karneval (4) Karneval 2014 (1) Karse (1) Kino (2) Kirka (1) kjærlighet (1) Kjøkken (7) kjøttdeig (1) kjøttsuppe (1) Klippfiskakademiet (2) knekkebrød (1) konstruksjonsleik (2) Kontor (1) Kos (1) kreative (1) Kreativitet (1) kropp (1) Kroppen (2) krydder (1) kulde (1) Kurs (5) kylling (2) kyrkje (1) laks (2) lam (1) lammegryte (1) Lasagne (1) Leik (3) leikegruppe (1) lesestund (2) Livet i fjøra (1) Lucia (3) Løvetann (3) Løvetanna (131) Magisk samling (1) Male (3) Maleaktivitet (3) marikåpe (1) mat (63) Matglede (1) matlaging (1) Media (1) middag (3) Motorikk (1) motorisk aktivitet (1) moussaka (1) Musikk (3) müsli (1) måleaktivitet (1) Natur og miljø (1) Naturfag (4) Nepal (1) nesler (1) Nisse (1) Nissestreker (2) Norsk kulturarv (1) nudler (1) Nytt barnehageår (1) Nærmiljø (2) nærmiljø og samfunn (1) nøtter (1) OL (1) Ole Brumm (1) Omsorg (1) Oppskrifter (29) Overgang barnehage- skule (1) Overgang barnehage-skule (1) pai (1) Palmegreiner og gåsungar (1) Pepperkake (1) Personalsamarbeid (1) Picnic (1) piknik (1) plaster (1) Polsk (1) potet (1) poteter (1) potetsuppe (2) Praksis (1) praksisfortelling (1) Prinsesseborg (1) påkledning (1) Påske (10) Påskehare (1) påskelunsj (1) påskepynt (1) rabarbra (1) Raudruss (1) REALFAG (16) REALFAG I BARNEHAGEN (1) REALFAG SOM SATSINGSOMRÅDE (10) regn (1) reke (1) Remulade (1) Revegruppa (2) revungane (1) Ridderborg (1) Romvesen (1) Russ (2) rutinesituasjoner (1) Røde Kors (2) salat (1) samarbeid (3) Samling (4) samlingstund (1) Sanser (2) sanserom (2) sanserommet (2) Sansestimulering (1) Sentrum (1) sjørøver (1) Skattejakt (2) Ski (2) skidag (6) Skileik (1) skisenter (1) Skitur (1) Skogen (1) skogen. (1) Skule (1) Skulebesøk (2) Skuleelevar (1) skvallerkål (1) Smakssans (1) smil (1) Smoothie-is (1) smørstekte grønnsaker (1) Småbarn (1) Småbarna (3) Småbarnsavdeling (4) Snø (5) Snøkanon (1) Snøproduksjon (1) Sol (2) Solsikka (160) Solsikka indianerskogen (1) Solsikka matematikk (1) Solsikka. (2) solsikke (1) sommar (1) sommer (2) sommeraktivitet (1) sommeråpen barnehage (1) Sosial kompetanse (1) Språkstimulering (4) squash (2) stjernekikkert (1) stranda sentrum (1) Strandafjellet (1) Suppe (8) surgras (1) sursøtsaus (1) Tacosuppe (1) tandoori (1) tandoorikylling (1) Teambuildig (1) teater (1) tema (2) temafest (1) Temaarbeid (8) temaarbeid. (1) Thailand (1) Tilknytning (1) Tilvenning (1) Toddlere (1) tog (4) Tomatsuppe (1) torsk (4) Tradisjonar (4) Troll (1) Trolldeig (1) Truger (1) trugetur (1) tur (43) turbingo (1) Tusenfryd (1) Tusenfryd barnehage avd Solsikka (1) ugras (1) Utedag (2) Uteleik (10) Uteliv (6) uteområdet (1) Utetid (5) Utflukt (1) vaffel (1) Vakuum (1) Vannleik (2) varmmat (3) vassfargar (1) vatn (3) Vegetarlasagne (1) Veka"s suppe (1) Venner (1) Vennskap (1) Verdensrommet (5) Verdsarvområde (1) vikar (1) vinter (9) Vinteraktiviteter (1) Vinterbilde (1) vulkan (1) vår (2) Ystehola (1) Ålesund (1)

10.03.2016

Palmegreiner og gåsungar

Ein vakker vårdag i mars møter vi våryre i barnehagen, klare for tur. Turen i dag går til Stranda sentrum og til kyrkja. Kvart år besøker vi kyrkja i høve markering av påskehøgtida.


I barnehagen må ein skilje mellom feiring og markering, rammeplanen for barnehagen er
tydeleg på at det er markering av høgtider som må vere i fokus i vårt arbeid rundt dei  ulike religionane som er representert i barnegruppa. Vi må skilje mellom markering og feiring for å unngå religionsutøving og forkynning, og ha fokus på å gi barna eit pedagogisk tilbod.


Markering av høgtider er ein pedagogisk aktivitet som handlar om å formidle kunnskap, og å gi spesiell merksemd til ei høgtid. På denne måten prøver vi å bidra til kulturell danning. Barna skal få møte og få bekrefta noko som er "deira" gjennom desse markeringane. Høgtidsmarkering handlar mykje om haldningar og etisk danning. Respekt og forståing for andre kan verte skapt i møte med høgtider som ikkje er eins eigen.

Sidan innbyggjarane i vår kommune no tilhøyrer ulike religioner og livssyn, er det viktig å finne arbeidsmåter som inkluderer alle i ei barnegruppe.  I forkant av turen til kyrkja har vi hatt mange og store diskusjonar i personalgruppa og med "kyrkja" om korleis vi kan gjennomføre eit opplegg som ikkje omfattar forkynning og ritualer, men som kyrkja på same tid følte dei kunne "stå inne for". Rammeplanen er tydeleg på at "internasjonale bestemmelser og norsk lovgiving gir beskyttelse mot religiøs og kulturell diskriminering. Barna skal ikkje verte utfordra til å ta standpunkt til religiøse oppfatningar eller retningar. Barnehagen må sjå til at barna ikkje kjem i lojalitetskonflikt mellom heimen og barnehagen" (s.9)

I barnehagen har vi i forkant av kyrkjebesøket snakka med barna om kva høgtid som nærmar seg. Vi snakka om kven som feirer den og kvar i verda påska vert feira. Vi har snakka om påskebodskapet og øvd på songar knytt til påskehøgtida.

Det var difor ein førebudd gjeng som sette sette avgårde nedover bakkane mot sentrum.
På vegen snakka vi om kva for andre kyrkjer vi har på Stranda, og kvar dei som ikkje har kyrkja si representert her, må reise for å gå i si kyrkje. På vegen gjekk vi mellom anna forbi Pinsekyrkja og Bedehuset.





Langs vegen var mange spennende ting å sjå på. Vi gjekk gjennom skuleplassen til Ringstad Skule, i håp om å sjå Anja som er på praksis der denne månaden. 

Då vi kom lenger ned mot sentrum, stoppa vi for å sjå litt på Storeelva. Men vi måtte skunde oss vidare, fordi Finn Arne (prest) venta på oss. Då vi kom fram, sto han klar og venta på kyrkjetrappa.
 
Vi tok av oss dei skitne skoa, men av praktiske årsaker beheldt vi dressane på. 

Det første vi såg då vi kom inn i kyrkja var at på golvet låg det grøne greiner (som symbol på palmegreiner). Og då var barna i gong med undring og spørsmål...Kvifor ligg dei her, kan vi prøve..osv, osv...
I kyrkja var det pynta til påske. Her var det påsketre pynta med påske-egg, påskeliljer, og vårlege greiner med gåsungar på.
 
Finn Arne (prest) viste oss rundt i kyrkja og snakka om kyrkja si markering av påska, og  viste oss ulike symbol og krusifiks som er knytt til påskebodskapen. Han har ein fin måte å møte barna på, der dei er, og svarte tolmodig på deira spørsmål og undringar. Han fortalte også fleire historier. Mellom anna fortalde han historia om preikestolen i kykja,  som etter at ei stor flodbølgje skylte den gamle kyrkja på sjøen, vart funnen "duppande" ute på fjorden og vart "berga". Han fortalte også om den gamle kyrkja frå vikingtida inne på Opshaug, og at eit av "smykka" som vert brukt i dag, er ein "vikingskatt". Dette var det mange av barna som gjerne ville høyre meir om...









Besøket i kyrkja vart ei fin kulturell oppleving, der både barna og dei vaksne fekk ny kunnskap og nærare kjennskap til påskehøgtida og kristne tradisjonar knytt til den.
 
I planlegginga i forkant av kyrkjebesøket, måtte vi takke nei til kyrkja sitt planlagde opplegg med "Påskevandring", då dette etter vår meining inneber rituelle handlingar og forkynning (som "fotvask" og "nattverd"). Vi hadde fleire samtalar med "kyrkja" og vart einige om eit opplegg som vi vart veldig fornøgde med, og som vi trur barna hadde utbytte av. Og vi set pris på at Finn Arne (presten) "møtte oss" og tok våre "barnehagske" utfordringar på alvor.
 
Vi i personalgruppa har brukt tid på å diskutere skilnaden på ei høgtidsmarkering og ei høgtidsfeiring. Ei høgtidsfeiring omfattar, slik vi forsår det, både forkynning og ritualer, og er etter vår meining, ikkje i tråd med dei retningslinjene som barnehagen er plikta til å rette seg etter.
 
Vi har lagt opp til ei høgtidsmarkering av påska der ein samlast for å markere at nokon - ikkje nødvendigvis ein sjølv- feirer ei høgtid. "Ei slik markering kan samle barn med ulik religionstilhørigheit. Den omfattar ikkje forkynning eller religiøse ritualer, men kun formidling av fagstoff med relevans for den aktuelle religion eller høgtida". (Geir Winje, Høgtidsmarkering i Bhg, 2010). Vi har hatt ei felles kulturell oppleving som vi kan ta med tilbake til kvardagen vår i barnehagen.
 
 
No skal vi bruke den siste veka før påske til mellom anna påskelunsj, ulike formingsaktivitetar, uteliv i snøen med aking og skigåing, ete appelsiner, så frø i potter, helse på påskeharen og mykje anna kjekt.
 
 

GOD PÅSKE!!













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar