Maria står ved komfyren på kjøkkenet. Ho putter ulike ingredienser ned i ei stor kasserolle med deilig, duftande viltgryte. Tett inntil Maria står "Mats" på 4 år, som har bidratt med kutting av grønsaker til gryta.
".. Løk, gulrot, sopp," seier dei.
I det dei legg soppen nedi, fortel Maria at ein kan finne sopp i skogen. Og så snakkar dei om soppar, gode mat-soppar og om giftige soppar som ikkje kan etast. Og slik held dei på..
Når dei tilset reinsdyrskav i gryta, seier Maria: "Vi skulle no eigentleg hatt litt hjortekjøtt, men denne gongen vart det reisdyrkjøtt i staden for. Men kanskje vi kan få tak i hjortekjøtt av nokon som går på jakt..." Dei snakkar litt om hjort og hjortejakt....
Maria spør:"Kjenner du nokon som går på jakt?"
Mats: "ja..."
Maria: "Kven då?" .
Mats: "Pappa`n min...han går på jakt..."
Maria: "Ååå.. Kva jaktar pappa`n din på ,då?"
Mats: "Han går på piggsvinjakt, han...."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar