To veker ut i nytt barnehageår, og alle borna på Blåklokka har funne seg godt til rette. Kvar dag blir born og vaksne litt bedre kjent med kvarandre, og vi blir kjent med kvar einskild born sine behov og vaner.
Tilvenningstida er alltid spennande, både for oss som jobbar i barnehagen, borna og ikkje minst for foreldra. Enda kan vi sjå at det for somme er vanskeleg å vinke og ta avskjed med kvarandre om morgonen. Men kvar dag blir både borna og foreldra deira tryggare på at vi vaksne i barnehagen både kan kose, bysse, bere, vogge, trøste, tøyse, tulle, synge, leike, lese...osv...Då blir det også lettere å stole på at Blåklokka er ein bra stad å vere.
Vi som arbeider her, veit at vi no knyter sterke band til desse små, som vi føler slikt enormt stort ansvar for.
På Blåklokka er vi opptatt av å skape tryggleik og gode rutiner, slik at borna har det forutsigbart i kvardagen sin. Sjølv om mykje av dagen blir brukt til mat, soving og bleieskift, passar vi på å bruke mykje tid på golvet saman med borna der vi syng, les og berre kosar oss.
Vi har vore ein del ute, sjølv om vêret ikkje har vore på sitt beste. :)
Tenk så heldig vi er som får bruke arbeidsdagen vår saman med slike herlige skapningar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar