Den deilige dufta av grønsakssuppe spreier seg utover i barnehagen. Inne på kjøkkenet står vår nye "kjøkkensjef" , Maria, og strør kydder i ei kjempestor gryte. Barna er på veg inn etter ei god leikeøkt ute, og eg høyrer at dei kommenterer den deilige lukta som får magane til å rumle.
Våte klede vert raskt erstatta med tørre, og snart sit barna rundt bordet, klare til å smake. "Dommen" er spontan og ekte: "Mmmm, deilig..."E lika..."
Og så er diskusjonen i gang om kor store muskler ein får av alle grønsakene, og kor fort dei kjem til å kunne springe no når dei et suppe. Det vert konkludert med at dei snart kjem til å få superkrefter...
FOKUS PÅ EIT SUNT OG
VARIERT KOSTHALD!
Frå hausten 2015 har vi tilsett kjøkkenassisten
i 70 % stilling, for å auke satsinga vår på eit variert og sunt kosthald. Tysdagane har vi ei næringsrik suppe basert på ulike typer grønsaker. Dette kan vere gulrotsuppe, linsesuppe, spinatsuppe, kremet soppsuppe mm.
I tillegg har alle avdelingane ein dag med middag.
Løvetanna og Blåklokka på torsdagar og Solsikka på fredagar.
Det skal vere hyggeleg å samle seg rundt bordet. Barna får tilbod om å vere med på å tilberede maten og hjelper til med å dekke bordet.
Når det er bursdagsfeiringar i barnehagen kan barnet som har bursdag velge mellom t.d. fruktfat, fruktsalat, grønsaker med dipp eller liknande. Barnehagen kjøper inn det som trengs for bursdagsfeiring
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar