Tirsdag kveld var 25 vaksne frå Tusenfryd og Trollhaugen Barnehage på Stranda, og Vikedalen barnehage i Sykkylven, samla i barnehagen vår for å lære om Bravoleiken.
Vi hadde ein teoretisk del inne og ein veldig morosam praktisk utprøving av aktivitetane, som gjekk føre seg ute!! Det var nok mange naboar av barnehagen som undra seg over "kveldsaktiviteten" i Tusenfryd i går kveld.
Kurshaldar var Elisabeth Hunnes som jobber i Intempo. Ho bor i Ålesund og har spesielt ansvar for å følge opp alle "Bravobarnehagane" i regionen. |
Bravoleiken er eit pedagogisk opplegg som tek utgangspunkt i ord-, bokstav- og bildekort som vert brukt på ulike måtar. Hovudmålet med aktivitetane er å legge eit solid grunnlag for god språkutvikling.
Då sprang 24 godt vaksne personar rundt omkring på uteområdet og dreiv med ulike fysiske aktivitetar..
Vi vart veldig inspirerte og gler oss til å starte opp med "Bravoleiken" i september.
Bravleiken kan leikast ute også..
https://www.youtube.com/watch?feature=player_detailpage&v=fTGdiIqUbo8
Bravleiken kan leikast ute også..
https://www.youtube.com/watch?feature=player_detailpage&v=fTGdiIqUbo8
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar