Idag har førskulebarna hatt førskulegruppe! Dei har fått si eiga bok som heiter Trampoline.
Boka inneheld ulike oppgåver og tema som t.d. "meg sjølv", "mønster", former", "tal" og "bokstavar". Denne vil vi bruke mykje framover.
På førskulegruppa idag hadde vi om "meg sjølv" der barna fikk skrive navn, alder og kor dei bur. Dei teikna seg sjølv og huset sitt og vi øvde på blyantgrepet.
Når barna var ferdige med dei to første sidene i boka målte vi høgda deira på solsikka, dette skal vi gjere igjen for å sjå kor høge dei er blitt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar