Barnehagedagen 2015 med mottoet "Vi vil ut!", skulle eigentleg markerast 10.mars. Vêrgudane spelte ikkje heilt på lag denne dagen, så vi valgte å utsette markeringa ein dag. Det skulle vise seg å gi fullklaff. Med sol frå den blåaste himmelen, skulle alt ligge til rette for ein fantastisk dag. Vi valgte å markere dagen med ski-og akedag for barna på Løvetanna og Solsikka.
Det blei merka opp løype som dei som hadde ski kunne følge. Andre kunne heie, eller halde på med andre aktivitetar. Det var mange av skiløparane som var vel fornøgd med innsatsen sin. Vi høyrer eine etter den andre seie; "vinn du?", "sjå, då, kor fort eg går". At nordmenn er født med ski på beina, er ikkje vanskelig å forestille seg med denne gjengen. Innimellom rundane, kunne ein stikke innom standplass. Der kunne ein kaste erteposar på "blink"(spadar i forskjellige størrelsar som hang ned frå ein tverrliggar). Denne stasjonen var også spennande for dei som ikkje gjekk på ski.
Nokre av dei minste prøvde seg også på ski med ulikt hell. "Ferdig, for glatt", seier ein gut på 3 år. Han har heldigvis mange år på seg til å øve skiferdigheiter;-)
Det var ikkje alle som var like ivrige på ski eller aking. Men å vere i aktivitet var ingen problem. Med både sklie, karusell og disser tilgjengelig, var det nok å finne på. Ikkje minst var det å kaste på "blink", populært.
Etter mykje fysisk aktivitet, smakte det med litt mat. Då var det berre å stille seg i kø i pølsekiosken. Pølse med brød og saft smakte fortreffelig ein sånn dag.
Slike dagar høyrer det sjølvsagt med ei premieutdeling. Alle barna blei oppropt i tur og orden og fekk høgtidlig utdelt diplom og medalje, på den heimelaga seierspallen.
Og alle var sjølvsagt vinnarar!!!
Både store og små strålte om kapp med sola. Og vi kan nok oppsummere dagen med å seie; den vart fantastisk!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar